Ledige stillingar ved Brakanes skule – utvida søknadsfrist

Felles søknadsfrist for alle stillingane er 18. november 2022

Stilling 1) Grunnskulelærar 100%. Fast. Frå 1/1-23. 
Utdanning primært lærar 5-10. Fagynskje er brei fagkrins, med m.a. matematikk.
Merk med saksnr 22/539

Stilling 2) Grunnskulelærar 100%. Mellombels. Frå 1/12-22 – 31.7-23.
Utdanning primært lærar 1-7. Fagbehov; brei kompetanse.
Merk med saksnr 22/540

Stilling 3) Grunnskulelærar 100%. Mellombels frå 1/1-23 – 31/7-23.
Utdanning primært lærar 5-10.
Merk med saknr 22/542

Stilling 4) Vikar/tilkallingsvikar i 60-100% stilling. Mellombels 1/1-23-31/7-23.
Mellombels stilling, 1/1-23 – 31/7-23, som vikar/tilkallingsvikar for dekking av skulen sine vikarbehov ved akutt og mellomlangt fråver.
Pedagogisk utdanning er ynskjeleg. Personlege eigenskapar kan tilleggjast vekt.
Merk med saksnr 22/543

 

Masterstudentar på siste året i lærarutdanninga si vert også oppmoda om å søkja.

Heradet kan drøfta tilpassing som gjer det mogeleg å kombinera oppgåveskriving og jobb.
Heradet vil hjelpa til med å skaffa bustad, også for par.

Ved evt intern tilsetjing, vil tilsvarande stillingar bli ledige, og er omfatta av denne utlysinga.

Hugs å gje opp referansar.

 

Søknadsfristen er 18 .11.2022.

Tilsetjing vert gjort snarast mogeleg. Intervju vil verta nytta.

 

Søknad skal fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no

og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no.

Ein kan også senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til:

Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Spørsmål om stillingane kan rettast til konstituert rektor Anne Hjelmevoll, telefon 4000 7172

eller på e-post til: anne.hjelmevoll@ulvik.kommune.no.

 

—————————————————————————————————————–

 

Ledig ungdomsarbeidarstilling i Ulvik herad

Ulvik herad / Brakanes skule  har ledig fast 40 % stilling som ungdomsarbeidar. 

Søknadsfrist er 20. november 22

Arbeidsoppgåvene i stillinga vil vera varierte, t.d.: 

  • Drifta ungdomsklubben, 1 kveld for veka 
  • Få på plass juniorklubb for aldersgruppa 5.-7. klasse, 1 kveld for veka.  
  • Delta aktivt i rusfritt arrangement 16.mai og andre ungdomsaktivitetar. 
  • Stillinga kan koplast opp mot andre relevante prosjekt i bygda (td sommarskulen) 

 Stillinga har stort handlingsrom, og det er viktig at du kan jobba sjølvstendig og målretta. Noko kveldsarbeid må påreknast. 

 Me ønskjer oss ein utåtvend person med relevant utdanning og praksis frå liknande arbeid, som klarer å skapa gode relasjonar og gjennomføra aktivitetar.  

Løn etter tariff. 

Søknadsfristen er 20.11.2022.

Tilsetjing vert gjort snarast mogeleg. Intervju vil verta nytta.

Søknad skal fyllast ut elektronisk på www.ulvik.kommune.no

og/eller sendast til postmottak@ulvik.kommune.no.

Ein kan også senda søknad med CV og kopi av attestar og vitnemål til:

Ulvik herad, Postmottak, Skeiesvegen 3, 5730 Ulvik.

Merk søknad med saksnr. 22/583

 

Spørsmål om stillingane kan rettast til konstituert rektor Anne Hjelmevoll, telefon 4000 7172

eller på e-post til: anne.hjelmevoll@ulvik.kommune.no

 

Del stillingen

Selskap

Ulvik herad

Kontaktinfo

  • Anne Hjelmevoll
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon 400 07 172

Lokasjon

  • Ulvik

Søknadsfrist

November 18, 2022