Lærar Vik skule

 

Me søkjer:

Lærar i 100% vikariat f.o.m 8. januar 2024 og i første omgang ut skuleåret. Undervisninga er hovudsakleg på 5.-7. trinn og me ynskjer at du kan undervise i engelsk.

Vik skule ligg midt i Vikebygd sentrum. Me ligg flott til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Skulen er ein 1-7 skule med 31 elevar. Me kan tilby eit variert arbeid i eit positivt og trygt læringsmiljø. Vik oppvekstsenter er organisert som ei eining med skule, barnehage og SFO. Det er ca. 13 årsverk i eininga.

Me har ein tre-delt skule kor 1.-2. kl, 3.-4 kl. og 5.-7.klasse går saman.

Ei av våre dyktige lærarar skal ut i fødselspermisjon, og me treng ein god vikar for henne. Skulen ynskjer ein arbeidskollega med godt humør, fagleg engasjement, samarbeidsvilje og evne til å setja grenser. Eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø for alle er skulen sitt fokusområde. Me lovar at den som blir tilsett får ein spennande jobb og eit triveleg arbeidsmiljø.

Hovudarbeidsoppgåver:

Me treng lærar i 100% stilling. Arbeidet er i hovudsak på mellomtrinnet med faga engelsk, musikk, natur og miljø, samfunnsfag og KRLE, samt engelsk på småskuletrinnet.

Kvalifikasjonar:

Me ønskjer fullført grunnskulelærarutdanning eller anna godkjent pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen. Personar utan godkjent utdanning kan også søke. Du må kunne jobba etter LK20, vera ein god klasseleiar og ein varm og inkluderande vaksen. Du må meistre det norske språket både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar:

Du må vera positiv og kunne møta både elevar, kollegar og føresette på ein god måte. Du må vera glad i barn og kunne samarbeide godt med dei andre på arbeidsplassen.

Me kan tilby:

God opplæring og samarbeid med andre
Rabatt på treningssenter
Bedriftskunstlag
Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Rogaland

Jobbtype: Vikariat

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 01.11.2023

 

Tiltreding: 08.01.2024

Arbeidsstad: Vik skule

 

Kontaktpersonar:

Anne Marte Waage Tveit

tlf: +47 53 65 57 30   mob: +47 922 41 257

 

Heimeside:
www.vindafjord.kommune.no
Adresse: Vikevegen 1266 5568 Vikebygd

 

Vindafjord kommune Vik skule og barnehage

Vik oppvekstsenter ligg midt i Vikebygd sentrum. Me ligg flott til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Skulen er ein 1-7 skule med ca. 55 elevar. Me kan tilby eit variert arbeid i eit positivt og trygt læringsmiljø. «Vurdering for læring» er fortida hovudsatsingsområdet vårt. Me har SFO med 13 barn.

 

Del stillingen

Selskap

Vindafjord kommune

Kontaktinfo

  • Anne Marte Waage Tveit
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 53655730 mob: +47 922 41 257

Lokasjon

  • Vikebygd

Søknadsfrist

November 1, 2023