100% stilling som lærar ved Jondal skule
Ledig 100% vikarstilling som lærar ved Jondal skule, fom 01.08.24 – 31.07.25
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 138 elevar, og ca 30 tilsette i alle aldrar. Me ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått fleire nybygg.
Me jobbar for tida med utviklingsarbeid saman med UH-sektoren og Hardanger-Voss kompetanseregion. Dette arbeidet går over to år, og tema er djupnelæring.
Me søkjer etter lærar for mellomsteget, ev ungdomssteget.
Kvalifikasjonar:
- godkjent undervisningskompetanse 5.-10.trinn
- erfaring som lærar, gjerne kontaktlærar
- gode digitale ferdigheiter
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
- er ein god klasseleiar
- har god relasjonskompetanse
- har god formidlingsevne
- samarbeidar godt i lærande fellesskap
- er lojal og ansvarsfull mot skulen sitt formål
- er løysingsorientert og fleksibel
Me tilbyr:
- eit godt arbeidsmiljø
- eit godt pedagogisk utviklingsmiljø
- lønn etter avtaleverk
- hjelp til å finna bustad
- varierte arbeidsoppgåver
- spennande arbeid
- lønn etter hovudtariffavtalen
- gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Krav:
- politiattest
- Fylke: Vestland
- Jobbtype: Vikariat
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Arbeidstid: Dag
- Søknadsfrist: 28.04.2024
- Arbeidsstad: Jondal
Kontaktpersonar:
Sarah Marie Røstbø
mob: +47 95122615
Heimeside:
Adresse:
Opheimsgata 31 5750 Odda
Ullensvang kommune Jondal skule
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.
Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.
Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?
Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa
Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49