Vike Montessoriskule, Vikebukt
Undervisningsstillingar – Vike Montessoriskule
LEDIG 70-100% LÆRARSTILLING TEIKNSPRÅK
Vike Montessoriskule er ein privat barneskule på Vikebukt i Vestnes kommune.
Vi har pr. i dag 69 elevar frå 1.-7.klasse.
Frå 01.08.21 har vi ei ledig 70-100% lærarstilling, med tilleggskompetanse i teiknspråk. Oppmodar også søkarar utan teiknspråkkompetanse, men som ønsker å starte utdanning frå august. Søknadsfrist til teiknspråkutdanning deltid ved NTNU i Trondheim er 1.mars.
Ein del av stillinga kan om mogleg tiltreast før, med tanke på god overgang frå barnehagen for eleven det gjeld. Vi har eit godt samarbeid med Vestnes kommune.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff.
Om du tenker at dette kan vere noko for deg, vil vi gjerne sjå ein søknad ifrå deg!
Søknadsfrist: 01.02.21.
———————————————————————————————————————–
LEDIG FAGARBEIDAR/ASSISTENTSTILLING 50% TEIKNSPRÅK
Frå 01.08.21 har vi ledig ei 50% fagarbeidar/assistentstilling, med tilleggskompetanse i teiknspråk. Stillinga kan om mogleg tiltreast før, med tanke på god overgang frå barnehagen for eleven det gjeld. Vi har eit godt samarbeid med Vestnes kommune.
Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Lønns- og arbeidsvilkår etter tariff.
Om du tenker at dette kan vere ein spennande arbeidsstad, vil vi gjerne sjå ein søknad ifrå deg!
Søknadsfrist: 01.02.21.
For meir informasjon om skulen, sjå heimesida vår
eller ta kontakt med rektor Siv Elin Sæther. Tlf.: 711 80 597/905 92 490 –
E-post: post@vikeskule.no
Adr.: Vike Montessoriskule, Gjermundnesvegen 77, 6392 Vikebukt.
Skriftleg søknad med CV skal sendast pr. mail/brev.
Søknadsfrist: 01.02.2021
Send søknad til: post@vikemskule.no
Sted: Vikebukt
Ansettelsesform: Fast
Heltid/deltid: Heltid
Antall stillinger: 2
Sektor: Privat
Oppstart: Etter avtale
Kontaktperson:
Siv Elin Sæther, Rektor
Telefon: 905 92 490
Arbeidsgiver: Vike Montessoriskule
Adresse: Gjermundnesvegen 77, 6392 Vikebukt
Vike Montessoriskule er godkjent for 70 elevplassar, og har i år 69 elevar frå 1.-7.klasse. Vi arbeider etter Maria Montessori sine prinsipp, og tilpassar metodar og organisering til vår skule og våre elevar. Dei vaksne arbeider med stort engasjement, og gjer sitt beste for læring, utvikling og trivsel for alle elevane. Vi legg vinn på eit godt samarbeid med heimane, dette er viktig for at barnet skal ha det trygt og utvikle seg godt. Vi er stolte av skulen vår, og tek gjerne imot besøk om nokon vil inn og sjå.
Du kan lese meir her