Lærar, 2 x 100% fast stilling
Om stillingane
Kom og jobb som lærar i Gulen kommune! Byrknes barnehage og skule søkjer etter to 100% faste stillingar som lærar frå etter avtale. Sjå punktet “arbeidsoppgåver/kompetanse” for meir informasjon om stillingane.
Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb. Eininga har læring og trivsel som visjon. Trygt og godt skulemiljø er viktig for oss. Fysisk aktivitet og læring gjennom trivselsleikar satsar me på, og dei gode relasjonane mellom elevar og vaksne på skulen er avgjerande for ein god skulekvardag.
Arbeidsoppgåver/kompetanse
Byrknes barnehage og skule er ein av fire skular i Gulen kommune. Skulane er relativt små 1- 10- skular, kor dei ulike klassetrinna vekslar på å ha undervising åleine og saman med andre klassetrinn. For å få dekka all undervising ved skulane, er vi avhengig av at dei faste lærarane har undervisingskompetanse i fleire fag. Ved tilsetjing vil vi vurdere kompetansen hjå søkjarane knytt opp mot den samla kompetansen og behovet i eininga. Vi søkjer derfor etter lærarar som har breid undervisingskompetanse. Akkurat no er behovet størst for kompetanse innan undervisning på barnetrinnet i den eine stillinga (oppstart snarast) og undervising på ungdomsskulen i den andre stillinga (etter avtale).
Personlege eigenskapar
- Er fagleg bevisst og godt førebudd til undervisning
- Har gode kommunikasjonsevner, samhandlar godt med elevane og er ein tydeleg klasseleiar
- Samarbeider aktivt i det profesjonsfaglege fellesskapet om utviklinga av læringmiljø og læringsutbytte
- Gode IKT- kunnskapar
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Løn etter tariff
Om oss
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.
Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Spørsmål om stillinga
Evelyn Monslaup
Einingsleiar Byrknes barnehage og skule
47822966
evelyn.monslaup@gulen.kommune.no
- Søknadsfrist: 7. januar 2024
- Arbeidsgivar: Gulen kommune
- Kommune: Gulen
- Omfang: Heiltid
- Varigheit: Fast
- Arbeidsstad: Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik