Lærar

 

Kaland skule, Austrheim kommune

Om stillinga

Er du klar for å jobbe på ein litt mindre skule?

Kaland skule er ein barneskule som ligg sentralt plassert i bygda. Spente elevar og personale kan til hausten ta i bruk ein nyoppussa skule med gode fasilitetar. Som vår nye lærar, vil du vera med på å ta i bruk skulen og areala våre på ein ny måte, og ikkje minst vera med på å forma Kaland skule som barneskule. Skulen har symjebasseng og god tilgang på nyoppussa spesialrom. I tillegg kjem uteområdet vårt til å vera ferdig oppgradert til skulestart i haust. På skulen går det pr. i dag 77 elevar fordelt på 1.-7.kl. Alle elevane har tilgang på kvar sin PC eller IPad, og vi er oppdekka med utstyr og læremiddel etter ny læreplan.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 02.08.2023
Arbeidsgivar: Austrheim kommune
Stad: Fonnes
Stillingstittel: Lærar
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4677536543

Arbeidsoppgåver

Undervisning hovudsakleg frå 3.kl-7.kl
Timelærar
Samarbeid i team med lærarar og pedagogiske medarbeidarar
Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

Godkjent lærarutdanning for 1. – 7. årstrinn eller 5.-10. årstrinn
At du har engelsk, norsk eller matematikk i fagkretsen din.
Det er ønskeleg at du har spes.ped
God kompetanse innan klasse- og læringsleiing
God relasjonskompetanse
God IKT-kompetanse og nytter digitale verktøy i undervisninga
Gode norskferdigheiter, både munnlig og skriftleg
Det er ønskeleg med erfaring frå undervisning på heile barnetrinnet

Personlege eigenskapar

Du har eit sterkt personleg engasjement og klart fokus på elevane si læring
Evne til å ta initiativ og bygge gode relasjonar
Har et positivt elevsyn og evne til å vise omsorg og gi tryggleik
Du er ansvarsbevisst, fleksibel og har gode kommunikasjonsferdigheiter
Du trivast med teamarbeid og er ein god bidragsytar i teamet
Positiv og løysingsorientert
Godt humør
Du er personleg eigna

Vi tilbyr

Gode molegheiter for personleg utvikling
Ein skule i utvikling, med nyrenoverte og oppdaterte undervisningslokale
Eit godt og positivt arbeidsmiljø med engasjerte medarbeidarar
Løn etter gjeldande avtaleverk

 

Søk på stillingen her.

 

Adresse: Vardevegen 51, 5953 Fonnes, Norge

Kontaktinformasjon
Birgitte barne-og Gullaksen, Rektor
Telefon:  997 06 344
E-post:  [email protected]

 

Om arbeidsgivaren

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn!

 

Del stillingen

Selskap

Austrheim kommune

Kontaktinfo

  • Birgitte Gullaksen
  • Tittel: Rektor
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: Telefon: 997 06 344

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

August 2, 2023