Kyrkjeverje

 

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Fast stilling 100%

Sunnfjord kommune har rundt 22000 innbyggjarar, med Førde som kommunesenter. Her er storslått natur med flotte fjell, elvar, vatn og fjordar. Kyrkja står sterkt i bygdene våre. Vi har god oppslutning på gudstenester, til dåp og konfirmasjon, og vi har godt samarbeid med kommunen. Vi har hovudkontoret i Førde, og lokale kyrkjekontor på Vassenden, Sande og i Naustdal.

Det er rundt 40 tilsette i fellesrådet – mange i små stillingsstorleikar, knytt til aktivitet i dei 12 kyrkjene og på dei 14 gravplassane våre. I arbeidslaget har vi med 4 sokneprestar, 1 kapellan, 1 prostiprest og prost.

Kyrkja skal vere ein møteplass for alle, der menneske kjenner at dei høyrer til og vert utfordra til tru og teneste. Kyrkja skal vere ein viktig ressurs for å skape gode lokalsamfunn, prega av nærleik, omsorg identitet og kultur. Vi er opptekne av nyskaping, utviklingsarbeid, god involvering og inkludering av frivillege.

Søknadsfrist:  03.04.2022
Arbeidsgiver:  Sunnfjord kyrkjelege fellesråd
Sted:  FØRDE
Stillingstittel:  Kyrkjeverje
Stillinger:  1
Heltid / Deltid:  Heltid
Ansettelsesform:  Fast
Stillingsprosent:  100
Webcruiter-ID:  4494259970

Arbeidsoppgaver

Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
Personalansvar for dei tilsette i fellesrådet
Ansvar for HMS-arbeid
Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging
Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og kyrkjegardar/gravplassar
Ansvar for gravplassforvaltninga i kommunen
Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Kvalifikasjoner

Erfaring som leiar med personalansvar – blir lagt stor vekt på
Erfaring innan organisasjonsutvikling
God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja
som organisasjon, samt krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
God økonomi- og IKT-kunnskap
Universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, – søkjarar utan
høgskuleutdanning blir også vurderte.
Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God kjennskap til offentleg forvaltning

Personlige egenskaper

Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid
Lagbyggar som skaper relasjonar internt og eksternt
Likar å arbeide målretta og systematisk
Vere fleksibel og kunna møta utfordringar

Vi tilbyr

Ei interessant og utfordrande stilling
Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
Løn etter avtale.
Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
Pensjonsordning i KLP
Arbeidsrettleiing og ulike kurs for kyrkjeverjer

 

Kyrkjevegen 23F, 6809 FØRDE, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Nils Gjerland, Leiar i fellesrådet
950 74 007

Inger Hageberg Øvrebø, Kyrkjeverje
416 94 472

 

Del stillingen

Selskap

Sunnfjord kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Inger Hageberg Øvrebø
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 416 94 472

Lokasjon

  • Førde

Søknadsfrist

April 3, 2022