Kyrkjeverje

 

 

KYRKJEVERJE (100% stilling)

Kyrkjeverja er dagleg leiar for Den norske kyrkja i Strand kommune.

Vi ser etter ein engasjert og samlande leiar som vil vera med på å leie og vidareutvikle kyrkja i Strand og som kan vere med å gjere kyrkja til ein viktig del av det daglege liv til innbyggjarane. Vi ønskjer oss ei kyrkjeverje som vil leia strategi- og utviklingsarbeidet, som inspirerer og vekkjer tillit blant tilsette og bidrar til å nå våre målsettingar. Du vil få ansvar for at fellesrådet har god kvalitet på sine tenester samtidig som det enkelte sokn blir ivaretatt. Økonomi og eigedommar må forvaltast på ein god og ryddig måte som sikrar langsiktig drift.

Som kyrkjeverje vil du også ha hovudansvar for å vidareføre og utvikle samarbeidet med bispedømmeråd og presteteneste til beste for kyrkjelydane. Like viktig er det å fortsatt skape gode relasjonar til kommune og andre naturlege samarbeidspartnerar. Du vil også representere fellesrådet i møte med offentligheit og media.
Kyrkjeverja er dagleg leder for fellesrådet si verksemd og rapporterer til fellesrådet.

 

Ansvar og arbeidsoppgåver

  • Personal-leiing, HMS, organisasjonsutvikling
  • Dagleg drift, økonomi, bygg og vedlikehald,
  • Saksbehandling, plan- og budsjettarbeid for fellesråd
  • Gravplassforvalting, og drift og forvalting av kyrkjer og andre kyrkjelege bygg og eigedommar.
  • Ivareta sokna og fellesrådet sine interesser i forhold til kommunen og andre offentlege/kyrkjelege organ

 

Krav til kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning frå universitet/høgskule gjerne innan administrasjon, leiing og økonomi.
  • Relevant erfaring vil bli vektlagt i tillegg til utdanning.
  • God kunnskap om kyrkjeleg organisering, offentleg forvalting og læregrunnlaget i kyrkja.
  • Utviklingsorientert, aktiv og engasjert med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
  • Medlemsskap i Den norske kyrkja.
  • Det vil bli lagt stor vekt på at søkjaren er personleg eigna.

 

Vi tilbyr

  • Lønn etter avtale.
  • Pensjonsordning via KLP.

 

Kontaktinformasjon

Martin Ivar Arnesen, Leiar i fellesrådet , 980 37 571
Liv Åse Gaard, fung. kyrkjeverje , 911 14 438

 

Arbeidssted

Torgvegen 6
4120 Tau

 

Nøkkelinformasjon

  • Arbeidsgiver: Kirkejobb
  • Referansenr.: 4658563599
  • Stillingsprosent: 100%
  • Fast
  • Søknadsfrist: 30.05.2023

 

Om stillingen

  • Stillingstittel: Kyrkjeverje
  • Antall stillinger: 1
  • Ansettelsesform Fast
  • Prosent: 100 %
  • Heltid/deltid: Heltid
  • Sektor: Offentlig

 

 

Søk på jobben

 

 

Søknadsfrist: 30. mai 2023

 

 

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver: Strand kyrkjelege Fellesråd
Hjemmeside: http://www.kirken.no

 

Strand kommune ligg i Ryfylke nordaust for Stavanger. Kommunen har om lag 13.000 innbyggjarar, og har eit aktivt kultur- og kyrkjeliv. Kyrkjelydane har fokus på frivillige medarbeidarar og har eit aktivt kyrkjelydsarbeid. Sjø og fjell gir gode turmuligheiter og kjøretid til Stavanger er ca. 20.min. Det er to sokn; Jørpeland sokn med Jørpeland kyrkje (1969) og Strand sokn med 2 kyrkjer – Strand kyrkje (1874) og Tau kyrkje (2021). Det er 4 kyrkjegardar. Det er kyrkjekontor i Jørpeland og Tau kyrkjer, kyrkjeverja har kontor i Tau kyrkje. Fellesrådet har 18 tilsette fordelt på 10,2 årsverk og det er 2 sokneprestar.

Del stillingen

Selskap

Strand kirkelig fellesråd

Kontaktinfo

  • Liv Åse Gaard
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 911 14 438
  • Martin Ivar Arnesen
  • Tittel: Leiar i fellesrådet
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 980 37 571

Lokasjon

  • Tau

Søknadsfrist

Mai 30, 2023