Kyrkjeverje / dagleg leier i Sirdal

 

 

100% stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar med tilsetting 1. aug. 2024, eller etter avtale

Vår kyrkjeverje vert pensjonist og vi søkjer hans etterfølgjer

Sirdal er ein kraftkommune i Vest-Agder med eitt sokn, fire kyrkjer og fire gravplassar og med vel 1850 innbyggjarar. Gode barnehage- og skuletilbod, kommunal kulturskule og vidaregåande skule med internat. Rike høve for sport, naturopplevingar og ulike kulturtilbod. På kommunesenteret Tonstad ligg Kyrkjesenteret med kontorfellesskap for sokneprest, kantor/organist, kyrkjelydsarbeidarar og kyrkjeverje/dagleg leiar, til saman 4,2 stilling. I tillegg kjem kyrkjetenarer og reinhalderar. Kyrkjelyden driv eit omfattande arbeid for ulike aldersgrupper med to kor, diverse trusopplæringstiltak for barn og unge, aktivt ungdomsarbeid samt ulike kulturtiltak. Det er eit godt og nært samarbeid mellom kyrkja og kommunen. Det er under planlegging nytt kyrkjesenter.

Kyrkjeverja er administrativ leiar for soknerådet, jf. Trussamfunnslova, og får arbeidsoppgåvene sine fastsett av soknerådet. Kyrkjeverja er og dagleg leiar for kyrkjelyden. Kyrkjeverja skal vere ein pådrivar for å vidareutvikle den lokale kyrkje.

 

  • Søknadsfrist: 11.02.2024
  • Arbeidsgiver: Sirdal sokneråd
  • Sted: TONSTAD
  • Stillingstittel: Kyrkjeverje / dagleg leier i Sirdal
  • Stillinger: 1
  • Heltid/Deltid: Heltid
  • Ansettelsesform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4755622542

 

Stillinga inneber

  • Personalleiing
  • Budsjett og økonomistyring
  • Drift og vedlikehald av kyrkjer/kapell
  • Administrativt arbeid knytt til gravplassar. Kommunen utfører alt det praktiske arbeidet ved bruk av kommunalt tilsette
  • Samarbeid med kommunale einingar og leiinga i kommunen. Kommunen utfører tenester på regnskapsføring og lønnskøyring.
  • Informasjonsarbeid
  • Arbeid ifm. kyrkjelydsblad
  • Sakshandsamar og sekretærfunksjon for soknerådet, samt iverksetting av vedtak
  • Vera med å driva prosessen fram i mot nytt kyrkjesenter

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning frå universitet / høgskule
  • Allmenn god datakunnskap. IT verktøyet er public 360. IT plattform hos Kirkepartner
  • Erfaring frå personalleiing, strategi, budsjett og økonomi
  • God kjennskap til Den norske kyrkje si verksemd og organisasjon
  • Innsikt i offentleg politikk og forvaltning
  • Erfaring frå frivillig arbeid i lokal kyrkjelyd, idretts- og annet organisasjonsliv, er ein fordel

Me søkjer ein fleksibel og engasjert medarbeidar som kan vere med å utvikle den kyrkjelege verksemda i Sirdal.
Personleg eignaheit vil verta vektlagt.
Den som vert tilsett må vera medlem av Den norske kyrkje.

Søkjarar må snakke og skrive godt norsk. Det er ikkje krav til målform.
Søkjarar må disponere eigen bil i jobbsamanheng.

 

Kva kan vi tilby

Dette er ei spennande, mangfaldig , meiningsfull, interessant og sjølvstendig stilling. Det er eit raust arbeidsmiljø prega av tilsette som i stor grad arbeider sjølvstendig, men og mykje i team.

Lønn etter avtale. Øvrige arbeidsvilkår etter gjeldande lov og tariffavtale. Offentleg tenestepensjon gjennom KLP.
Eit samarbeid i ein overgangsfase kan avtales nærmare.

 

Søknadsfrist: 11.02.24

Nærare opplysningar ved kyrkjeverje Yngve Bjørn Søyland, tlf. 41282700 eller leiar av Sirdal sokneråd Sissel Agathe Bø tlf. 90559490.
Søknad med CV og bekreftande vitnemål og attester sendes: Søknad via Webcruiter.

 

Tonstadveien 25, 4440 TONSTAD, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Yngve Bjørn Søyland
Kyrkjeverje
 Telefon:41282700

Sissel Agathe Bø
Leiar av Sirdal sokneråd
 Telefon:90559490

Del stillingen

Selskap

Sirdal kyrkjelyd

Kontaktinfo

  • Yngve Bjørn Søyland
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 41282700
  • Sissel Agathe Bø
  • Tittel: Leiar av Sirdal sokneråd
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 90559490

Lokasjon

  • Tonstad

Søknadsfrist

Februar 11, 2024