Kyrkjeverje

 

Ål kyrkjelege fellesråd

Om stillinga

Vil du å vera med å leie ei levande og aktiv folkekyrkje i Ål? Me har ledig 100% fast stilling som kyrkjeverje.

Kyrkjekontoret og Ål kyrkje held til sentralt på Ål, og det er soknekyrkjer i Leveld og på Torpo. I tillegg til kyrkjeverje består staben av diakon, kyrkjelydspedagog, tre kyrkjetenarar, to sekretærar og to kyrkjemusikarar. Prost, sokneprest og prostiprest har også kontorfellesskap her.

Ål vart i 2021 kåra til Norges kulturkommune med kulturhuset og regional dansescene som viktige element. Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.

Drøymer du om å flytte til ei vakker fjellbygd? Ønskjer du deg eit godt kultur- og idrettstilbod, spennande jobbmoglegheiter og eit trygt oppvekstmiljø? Då vil Ål passe godt for deg!

Det er god kommunikasjon både til Oslo og Bergen frå Ål, med tog og buss. Rv7, som er ein av hovudvegane mellom aust og vest, går gjennom kommunen.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 14.09.2023
Arbeidsgivar: Ål kyrkjelege fellesråd
Stad: Ål
Stillingstittel: Kyrkjeverje
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4709932617

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet si verksemd:

  • Ansvar for bygg- og gravplassforvaltning, personalleiing, sakshandsaming og økonomi.
  • Kontakt og samarbeid med lokale og eksterne aktørar.
  • Strategi- og planarbeid saman med sokneråd og tilsette.

Ønska kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
  • Særleg relevant kompetanse eller personlege eigenskapar kan erstatte utdanningskrav.
  • Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Vi ynskjer elles at søkjar har:

  • God kjennskap til og eit engasjement for Den norske kyrkja som organisasjon og aktør i samfunnet.
  • Erfaring med personalleiing, økonomistyring, administrasjon og forvaltning.
  • Politiattest må leggast fram ved tilsetjing.
  • Målform i Ål kommune er nynorsk.

Personlege eigenskapar

  • Søkjaren må vera personleg skikka til stillinga og det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som:
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Omgjengeleg og ha evne til å bygge gode relasjonar
  • Evne til å leie under utvikling og endring
  • Kunne motivere og vidareutvikle den lokale kyrkja
  • Målretta og samtidig fleksibel

Me tilbyr

  • Ein variert jobb der ingen dagar er like
  • Godt arbeidsmiljø
  • Lønn etter avtaleverk i kyrkjeleg sektor
  • Pensjonsordning i KLP

 

Meir om stillinga hjå fellesrådsleiar Torfinn Slåtto tlf. 995 13 142.

 

Søknadsfrist 14. september

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse:Sundrevegen 64, 3570 Ål, Norge

Kontaktinformasjon

Torfinn Slåtto, Leiar i Fellesrådet
Telefon:  995 13 142

 

Del stillingen

Selskap

Ål kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Trond Augunset
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 900 66 256

Lokasjon

  • Ål

Søknadsfrist

Oktober 12, 2023