Kyrkjeverje i Fyresdal sokn – 2.gangs utlysning
Vil du vere med å leie ei open og inkluderande folkekyrkje i Fyresdal?
Det er ledig inntil 100% fast stilling som kyrkjeverje/dagleg leiar frå 1. mai 2024.Stillinga inkluderer klokkarteneste.
Det er eitt sokn i Fyresdal kommune med to kyrkjer og fire gravplassar.I tillegg til kyrkjeverje er staben sett saman av kantor i 50% stilling, kyrkjetenar og prest i 100% stilling ,samt samarbeid om prostidiakon i 100% stilling.
Kyrkja har eit godt og langt samarbeid med kommunen og organisasjonslivet i bygda.
- Søknadsfrist: Snarast
- Arbeidsgivar: Kirkejobb
- Stad: Fyresdal
- Stillingstittel: Kyrkjeverje i Fyresdal sokn
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4708946041
Ansvar- og arbeidsoppgåver
- Kyrkjeverja er dagleg leiar for fellesrådet og soknerådet si verksemd.
- Ansvar for bygg- og gravplassforvaltning, personalleiing, sakshandsaming og økonomi.
- Klokkarteneste ved gudstenester og gravferder.
- Kontakt og hjelp til pårørande i samband med gravferd.
- Kontakt og samarbeid med lokale og eksterne aktørar.
- Strategi- og planarbeid saman med sokneråd, tilsette og friviljug
Ynskte kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå.
- Særleg relevant kompetanse eller personlege eigenskapar kan erstatte utdanningskrav.
- Kompetanse innanfor administrasjon, personal og økonomi.
- Eit engasjement for Den norske kyrkja som organisasjon og aktør i samfunnet.
- Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
- Målforma i Fyresdal kommune er nynorsk
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Vere omgjengeleg og ha evne til å byggje gode relasjonar.
- Vere målretta, strukturert og fleksibel.
Vi tilbyr
- Ein variert jobb der ingen dagar er like.
- Godt arbeidsmiljø.
- Løn etter avtale.
- Pensjonsordning i KLP.
- Nye og gode kontorlokale i Fyresdal Næringshage.
- 35,5 timars arbeidsveke og kompensasjon for ugunstig arbeidstid
Søknadsfrist: 15. januar 2024.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Kontaktperson: Kyrkjeverje Else Berit Mandt Gaaren, 95159494
Søknad sendast til kyrkjekontoret@fyresdal.kommune.no
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal, Norge
Søk på stillinga via fylgjande e-post:
kyrkjekontoret@fyresdal.kommune.no
Kontaktinformasjon
Else Berit Mandt Gaaren
Kyrkjeverje
Telefon:95159494