Ullensvang kirke – Wikipedia

Ullensvang kyrkjelege fellesråd

Kyrkjeverja/Dagleg leiar 100% stilling

 

Søknadsfrist: 25.02.2022
Arbeidsgiver: Ullensvang kyrkjelege fellesråd
Sted: Odda
Stillingstittel: Kyrkjeverja/Dagleg leiar 100% stilling
Stillinger: 1
Heltid / Deltid: Heltid
Ansettelsesform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4480075340

Arbeidsoppgaver

Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
Personalansvar for tilsette i fellesrådet
Ansvar for utvikling av eit godt arbeidsmiljø
Ansvar for økonomi og langtidsplanlegging
Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg, kyrkjegardar/gravplassar og krematorium
Sekretær og sakshandsamar for fellesråd og utval
Ha god kontakt med offentlege myndigheiter og andre samarbeidspartnarar

Tyssedal

Kvalifikasjoner

Leiarerfaring og god økonomi- og IKT-kunnskap
Relevant universitets-/høgskuleutdanning, gjerne innan økonomi og leiing, – eventuelt relevant erfaring
Evne til å kunna arbeida målretta og systematisk
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
God innsikt, interesse og engasjement for kyrkjeleg verksemd, og kjennskap til Den norske kyrkja som organisasjon
God kjennskap til offentleg forvaltning
Medlemskap i Den norske kyrkja

Personlige egenskaper

Ha gode evner til kommunikasjon og samarbeid, som byggjer relasjonar internt og eksternt
Lika å arbeida målretta og systematisk
Vera fleksibel og kunna møta utfordringar
Det vil verta lagt stor vekt på at søkjar er personleg eigna

Vi tilbyr

Vi tilbyr ei interessant og utfordrande stilling
Kontorfellesskap med andre tilsette
Kollegafellesskap med andre kyrkjeverjer i prostiet og i bispedømet
Løn etter avtale. Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, forskrifter og avtalar innan KA sitt tariffområde
Pensjonsordning i KLP

Anna:

Den som vert tilsett må leggja fram tilfredsstillande politiattest i medhald av trussamfunnslova § 20
Søkjar må kunna nytta eigen bil i tenesta

Det vert utarbeidd offentleg søkjarliste. Om søknaden ønskes unnateke offentlegheit, må dette grunngjevast.

 

Almerket 17, 5750 Odda, Norge

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Gerd Rosten Bu, Fungerande Kyrkjeverja
971 69 904
gerd.bu@ullensvang.kyrkjer.no

Lars O. Seim, Fellesrådsleiar
909 62 584
larsoseim57@gmail.com

 

Vil du verta kyrkjeverja i vakre Ullensvang?

Likar du å gjera andre gode? Er du glad i både menneske, bygningar og forvalting? Synest du arbeid i kyrkja høyrest interessant ut? Me søkjer ein trygg og samlande leiar til fellesrådet vårt. Hjå oss vil du få eit stort og mangfaldig arbeidsfelt som kan utviklast i lag med mange dyktige medarbeidarar.

Ullensvang ligg i Hardanger. Med flotte fjell og turområde til Trolltunga, Dronningstien, sommarskisenter i Jondal og Røldal og Seljestad som kjente vintersportsstadar. Det er eit rikt kulturliv i kommunen. Kyrkja har eit godt samarbeid med mange ulike partar.

Næringsliv med industri, fruktdyrking og turisme er i sterk vekst og har stort behov for nye arbeidstakarar. Mellom anna er Zink-fabrikken «Boliden» i gang med investeringar for over 7 milliardar kroner.

Ullensvang kommune har om lag 11.500 innbyggjarar. Frå kommunesenteret Odda er det 2,5 timar til Bergen og 2 timar til Haugesund.

Ullensvang kyrkjelege fellesråd driftar 8 flotte kyrkjer med eit breitt spekter av bygningar frå Røldal stavkyrkje som er ei pilegrimskyrkje, til 2 mellomalderkyrkjer i stein og 5 kyrkjer i tre med kvar sine særtrekk. I tillegg driftar vi krematorium og 8 kyrkjegardar/gravplassar.

I tillegg til administrasjonen er det tilsett 5 organistar, barne- og ungdomsarbeidar, diakon og 8 kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar. Til saman er det vel 14 årsverk i fellesrådet. 5 sokneprestar er knytt til fellesrådet, tilsett i Hardanger og Voss prosti. Både prestane og dei tilsette har kontor i Kinsarvik, Jondal og Odda som er hovudkontoret.

 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Gerd Rosten Bu
  • Tittel: Fungerande Kyrkjeverja
  • E-Post: gerd.bu@ullensvang.kyrkjer.no
  • Mobil/Tlf: 971 69 904
  • Lars O. Seim
  • Tittel: Fellesrådsleiar
  • E-Post: larsoseim57@gmail.com
  • Mobil/Tlf: 909 62 584

Lokasjon

  • Odda

Søknadsfrist

Februar 25, 2022