Kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i Seljord sokn
- Seljord Sokn
- 3840 Seljord
Seljord sokn søkjer etter kyrkjetenar/kyrkjegardsarbeidar i 100% fast stilling.
Det er to kyrkjetenarstillingar i soknet, som jobbar saman i team. Næraste overordna er kyrkjeverje/dagleg leiar. Som kyrkjetenar får du ein variert arbeidskvardag med alt frå utearbeid på kyrkjegarden med graving, plenklypping, snøbrøyting osv., til tilrettelegging i kyrkja ved gudstenester, gravferd, vigslar og andre arrangement. Ein må rekne med arbeid i snitt annankvar helg, og på høgtidsdagar til dømes jol og påske.
Arbeidsoppgåver:
- Praktisk tilrettelegging i kyrkjebygga før og undervegs i gudstenester, gravferd, vigsel, konsertar osv.
- Vaktmeisterteneste og vedlikehaldsoppgåver knytt til kyrkjegard, kyrkjebygg, maskinar og utstyr.
- Grasklypping, snøbrøyting, strøying.
- Graving
- Reinhald
Kvalifikasjonar:
- Maskinførarbevis for gravemaskin (M2) og hjullastar (M4)
- Førarkort kl. BE
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig
- God til å samarbeide
- Pliktoppfyllande
- Praktisk anlagt
- Fleksibel og serviceinnstilt
- Imøtekommande og likar å jobbe med menneske
Anna:
- Søkjarar må vere medlem av Den norske kyrkja.
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg.
- Må disponere eigen bil med hengarfeste og tillatt hengarvekt minst 2000 kg.
Vi tilbyd:
- Triveleg arbeidsmiljø
- Løn etter KA sitt avtaleverk.
- Pensjonsordning i KLP.
Søknad og CV kan sendast til: Seljord sokn, Brøløsvegen 13A, 3840 SELJORD, eller på e-post til: post@seljordkyrkje.no.
Spørsmål om stillinga kan rettast til Kyrkjeverje Petter Jakobsen, tlf.: 909 51 409 eller e-post: petter@seljordkyrkje.no
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Seljord Sokn
- Hjemmeside: https://seljordkyrkje.no
Seljord sokn ligg i Seljord kommune i Øvre Telemark prosti. Seljord kommune har om lag 2 900 innbyggjarar, fordelt på fleire bygder/tettstader. I soknet er det tre kyrkjer med tilhøyrande kyrkjegardar, samt eit kapell: Seljord kyrkje frå 1180, Flatdal kyrkje frå 1654, Åmotsdal kyrkje frå 1792 og Manndal kapell frå 1954. I tillegg I tillegg blir det feira gudstenester i private kapell, bedehus og i friluft.
Dei faste stillingane som utgjer staben i Seljord sokn er sokneprest, diakon/trusopplærar, organist/kantor, kyrkjeverje/dagleg leiar og to kyrkjetenarar/kyrkjegardsarbeidarar.
Om stillingen
- Stillingstittel: Kirketjener
- Antall stillinger: 1
- Oppstart: Etter avtale
- Ansettelsesform: Fast
- Prosent: 100 %
- Heltid/deltid: Heltid
- Sektor: Offentlig
- Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
- Arbeidstid: Dagtid, Kveld
- Arbeidsspråk: Norsk
Søk på jobben
- Søknadsfrist: 25. februar 2024
- Send søknad til: post@seljordkyrkje.no
Kontaktperson for stillingen
Petter Jakobsen
Kyrkjeverje/dagleg leiar
909 51 409
petter@seljordkyrkje.no