Kyrkjemusikar/ Organist

 

Samnanger Sokn

Om stillinga

Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Me har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.

Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.

Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.

Instrument/ musikkutstyr:

På Ådland har me eit Bruno Kristensen orgel med 17 stemmer, 2 manualar og pedal. I tillegg har me piano av merke Yamaha. Begge er gode instrument.

På Haga har me eit flygel av merke Yamaha og eit lite elektronisk orgel med to manualar og pedal av merke Johannus, el. piano og synth. Det vert ofte nytta band/orkester i gudstenesta der. (Tangent, slagverk, gitarar og synt m.m. Me har to lovsongsteam som byter på å ta del her.) Det er godt lydanlegg i kyrkja: digital miksar med 32 kanalar og Nexo høgtalaranlegg.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist: 17.09.2023
Arbeidsgivar: Samnanger Sokn
Stad: TYSSE
Stillingstittel: Kyrkjemusikar/ Organist
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4702901739

Arbeidsoppgåver

Ansvar for den musikalske verksemda i kyrkjene: Planlegging og gjennomføring av gudstenester og kyrkjelege handlingar, tonefylgje til song, instrumentalmusikk, korarbeid og konsertar.
Leia lovsongsteam/ musikkgrupper.
Musikk ved institusjonsandaktar.
Musikkformidling, undervisning og rådgjeving.
Medansvar for å rekruttera, utrusta og rettleia frivillige medarbeidarar til kyrkjemusikalsk teneste.
Forvalta og levandegjera tradisjonell og ny kyrkjemusikk og arbeida for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske arbeidet.
Kyrkjemusikaren har frihelg minst ein gong i månaden.

Kvalifikasjonar

Høgare utdanning i musikk.
Dugleik på orgel og piano.
Kunna leia band/ musikkgrupper/ songgrupper/ kor.
Erfaring med kyrkjemusikalsk arbeid.
Medlemskap i DNK.

Personlege eigenskapar

Kreativitet
Positivitet
Fleksibilitet
Evne til sjølvstendig arbeid og initiativ.
Evne til å planleggja, organisera og gjennomføra.
Gode samarbeidsevner og sosiale evner.

Vi tilbyr

Triveleg arbeidsmiljø.
Varierte arbeidsoppgåver.
Løn etter avtale i kyrkjeleg sektor. (KA sitt tariffområde)
Pensjonsordning i KLP.
Hjelp til å skaffa bustad.

 

Søk på stillinga her.

 

Adresse: Hagabakkane 1, 5650 TYSSE, Norge

 

Kontaktinformasjon

Berit H. Steensen, Kyrkjeverge
Telefon:  +47 920 10 086

Elisabeth Moe, Sekretær
Telefon:  +47 56 58 90 10  

 

Del stillingen

Selskap

Samnanger kyrkjelyd

Kontaktinfo

  • Berit H. Steensen
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+ 47 920 10 086
  • Elisabeth Moe
  • Tittel: Sekretær
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: Telefon:+ 47 56 58 90 10

Lokasjon

  • Tysse

Søknadsfrist

September 17, 2023