KYRKJELYDSPEDAGOG/ TRUSOPPLÆRAR I ASKVOLL

 

 

Ledig stilling

KYRKJELYDSPEDAGOG/TRUSOPPLÆRAR I ASKVOLL

Inntil 50 % stilling

Stillinga er ledig for snarleg tiltreding, og den som vert tilsett vil få ei leiande rolle i realisering og vidareutvikling av den vedtekne trusopplæringsplanen for aldersgruppa 0-18 år. Kyrkjelydspedagogen vil utføre arbeidet sitt i samarbeid med trusopplæringsutvalet i soknet, soknepresten, kantor og andre lønna og ulønna medarbeidarar.

Det er over 400 kyrkjemedlemer i aldersgruppa 0-18 i soknet. Trusopplæringsplan for soknet er vedteke og revidert fleire gonger, men ikkje alle tiltaka er innfasa enno. Askvoll kyrkje er relativt nyleg fornya innvendig og er eit godt og eigna lokale for trusopplæringsaktivitetar, med mellom anna stolar, multimediautstyr og moglegheit for å dele opp kyrkjerommet med skiljevegg. Hovuddelen av trusopplæringstiltaka er derfor lokalisert her. Nokre av trusopplæringstiltaka er desentraliserte. Det er jamt over svært god oppslutning (over 80% i fleire av trusopplæringstiltaka) i soknet. For nærare informasjon om trusopplæringa i Askvoll og soknet si verksemd, sjå:

www.askvoll.kyrkja.no

 

  • Søknadsfrist: 01.10.2023
  • Arbeidsgivar: Askvoll sokn
  • Stad: ASKVOLL
  • Stillingstittel: KYRKJELYDSPEDAGOG/ TRUSOPPLÆRAR I ASKVOLL
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid:Deltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 50
  • Webcruiter-ID: 4705356139

 

Arbeidsoppgåver

  • Fylgje opp og vidareutvikle lokal trusopplæringsplan.
  • Saman med trusopplæringsutvalet ansvar for at tiltaka i trusopplæringsplanane, herunder konfirmantarbeidet, vert gjennomførte.
  • Delta i gudstenester knytt til trusopplæringa.
  • Delta i arbeid blant born og unge.
  • Rekruttere og inspirere uløna medarbeidarar.
  • Profilere trusopplæringsarbeidet i ulike medier.
  • Rapportering.

 

Vi ynskjer ein person som

  • Har interesse og engasjement for kyrkjeleg arbeid for born og unge.
  • Har minimum 3-årig høgare utdanning med pedagogikk og/eller kristendom i
    fagkrinsen. Manglande utdanning kan kompenserast med relevant erfaring.
  • Har kjennskap til Den norske kyrkja si verksemd.
  • Har gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar og erfaring med sosiale medier.
    Kan arbeide sjølvstendig og systematisk.
  • Har personlege eigenskapar som gjer ein skikka for stillinga (engasjement, kreativitet, formidlings- og samarbeidsevne).

 

Opplysningar om stillinga

  • Løn etter kvalifikasjonar etter gjeldande tariffavtalar i KA sitt tariffområde.
  • God pensjonsordning i KLP.
  • Kontorplass på kyrkjekontoret i Askvoll sentrum i triveleg kollegafellesskap saman med sokneprest, kantor, kyrkjesekretær og kyrkjeverje.
  • Kontorlokala er nyoppussa og kyrkjekontoret er samlokalisert med Frivilligsentralen og flyktningtenesta med t.d. felles kantine og møterom.
  • Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helgar.
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja.
  • Søkjar bør disponere bil (skyssgodtgjersle).
  • Den som vert tilsett må levere tilfredsstillande politiattest. Oppstart i stillinga: Snarast eller etter avtale.

 

Anna

For nærare opplysningar om stillinga, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje: Rune Ziener telefon 918 74 724, eller e-post: kyrkjeverje@askvoll.kyrkja.no
Søknad med CV og kopi av vitnemål og attestar kan sendast på e-post eller post til: kyrkjeverje@askvoll.kyrkja.no

Askvoll sokn
Postboks 14
6988 Askvoll

Søknadsfrist: 1. oktober 2023

 

Kyrkjekontoret, 6988 ASKVOLL, Norge

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Rune Ziener
Kyrkjeverje
 Telefon:91874724

 

 

Askvoll kommune, med over 3000 innbyggarar, ligg ytst i Sunnfjord i vakker vestlandsnatur. Det er to daglege ekspressbåtavgangar sørover til Bergen (2,5 t) og nordover i fylket. Det er kort veg til Dale (20 min) og Førde (1 t) med bil. Det er god barnehagedekning i kommunen og eit godt servicetilbod i sentrum.

Del stillingen

Selskap

Askvoll sokn

Kontaktinfo

  • Rune Ziener
  • Tittel: Kyrkjeverje
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 479 63 319

Lokasjon

  • Askvoll

Søknadsfrist

Oktober 1, 2023