Kyrkjelydspedagog
Det er ledig 50% stilling som kyrkjelydspedagog eller kyrkjelydsmedarbeidar frå 01.09.24.
Medarbeidaren vil få ansvar for trusopplæringa i alle sokna i Stranda og Fjord kommunar etter vedteken trusopplæringsplan. Dei fleste av tiltaka vert utførde i kyrkjer og kyrkjelydshus, og i nært samarbeid med den andre kyrkjelydsmedarbeidaren og med sokneprestane.
Stillinga er fleksibel og du får stor fridom til å planleggje arbeidstida di sjølv.
Søknadsfrist: 20.06.2024
Arbeidsgivar: Storfjorden kyrkjelege fellesråd
Stad: Stranda
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Deltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 50
Webcruiter-ID: 4826162013
Arbeidsoppgaver
- Leie og gjennomføre ulike trusopplæringstiltak for aldersgruppa 0-13 år
- Drive eller starte opp kontinuerlig arbeid i bygdene saman med frivillige. Eks.
barnekor, babysang, småbarnsang, ulike barnegrupper. - Rekruttere, utruste og rettleie frivillige medarbeidarar
- Bidra i skule-/ kyrkjesamarbeidet saman med kollegaer.
- Legge til rette for aktivitetsdagar og pilegrimsvandringar for born.
- Andre oppgåver etter kyrkjelydane sine behov og etter avtale med kyrkjeverje
- Delta i stabsmøter.
- Du må rekne med ein del kvelds- og helgearbeid, og at det i enkelte periodar er
større aktivitet enn andre.
Kvalifikasjoner
- Relevant utdanning, gjerne bachelorgrad med kristendom og pedagogikk.
- Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning.
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom, gjerne trusopplæringsarbeid.
- Du behersker norsk muntleg og skriftleg
- Erfaring med å bruke IT-verktøy og sosiale mediar i arbeidet
- Du er medlem i Den norske kyrkje
Personlige egenskaper
- Kontaktskapande med evne og vilje til å utvikle godt samarbeid mellom heim og
kyrkje. - Glad i å arbeide med barn og unge
- Kreativ og nyskapande
- God formidlingsevne og god motivator.
- God evne til å arbeide sjølvstendig og under leiing/ rettleiing i team
- Alle søkjarar vert vurdert etter personlege eigenskapar i tillegg til kompetanse og
erfaring.
Vi tilbyr
- Ein positiv og kreativ stab
- Løn etter avtaleverk for kyrkjeleg sektor
- Gode pensjons- og forsikringsordninger i KLP
- Har bedriftshelseteneste
- Tilbod om relevante kurs og høve for vidareutvikling i jobben
Annet
- Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.
- Ved tilsetjing må det framvisast politiattest etter Trussamfunnslova §20.
Ødegårdsvegen 3, 6200 Stranda, Norge
Kontaktinformasjon
Petra Riste Synnes
Kyrkjeverje
Telefon:+47 91519869
Storfjorden kyrkjelege fellesråd sitt område er bygdene i Stranda og Fjord kommunar, kjend for den ville og flotte naturen, dei mange historiske fjellgardane, lokalsamfunn med varierte aktivitetar og merkevarer, turistbygda Geiranger, Stordal og Stranda med sine ski- og alpinanlegg. Alle bygdene og sokna har sitt særpreg, og innbyggjarane bidreg med stort engasjement og frivillig arbeid. Storfjorden kyrkjelege fellesråd består av 6 sokn med om lag 7000 innbyggjarar. Det vil vere om lag 10 årsverk fordelte på 18 personar i fellesrådet, og 3 prestar. Fellesrådet sitt hovudkontor ligg på Stranda.