Kyrkjelydspedagog i Haram
- Haram Kyrkjelege Fellesråd
- Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog i Haram
Type ansettelse: Fast
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 31. oktober
Det er ledig 100% fast stilling som kyrkjelydspedagog i Haram kyrkjelege fellesråd.
I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.
Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.
Arbeidsoppgåver
- Administrere, planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for born og unge etter oppsett plan, samt ha ansvar for rapportering
- Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der born, unge og familier er målgruppa
- Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar
- Delta i konfirmantarbeidet
- Følge opp, inspirere og motivere frivillige medarbeidarar
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk
- Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning. Vi kan vurdere støtte til auka kompetanse innan trusopplæring
- Erfaring frå arbeid med born og unge
- Kan bruke dataverktøy som arbeidsredskap
- Medlem i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Likar å arbeide i team og samarbeide godt med andre
- Har ei kreativ og fleksibel tilnærming til ulike formidlingsformer
- Trivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og unge
- Raus og inkluderande
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Anna
For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.
Vi tilbyr
- For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
- Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.
- Søknadsfrist 31. oktober 2024
- Tiltreding etter avtale
- Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 55
Kontaktinformasjon
Jarle Løken, Kyrkjeverge, +47 97549559
Arbeidssted
Årsundvegen 11
6270 BRATTVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Referansenr.: 4860973054
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024
Om bedriften
Sektor: Offentlig
Nettsted: http://www.kirken.no