Kyrkjelydspedagog i Haram

 

 

  • Haram Kyrkjelege Fellesråd
  • Årsundvegen 11, 6270 Brattvåg

 

Om jobben

Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog i Haram
Type ansettelse: Fast
Arbeidsspråk: Norsk
Antall stillinger: 1

 

Søk på jobben

Søk senest torsdag 31. oktober

 

Gå til søknad

 

Det er ledig 100% fast stilling som kyrkjelydspedagog i Haram kyrkjelege fellesråd.

I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Flemsøy/Skuløy og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.

 

Arbeidsoppgåver

  • Administrere, planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for born og unge etter oppsett plan, samt ha ansvar for rapportering
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der born, unge og familier er målgruppa
  • Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Delta i konfirmantarbeidet
  • Følge opp, inspirere og motivere frivillige medarbeidarar

 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk
  • Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning. Vi kan vurdere støtte til auka kompetanse innan trusopplæring
  • Erfaring frå arbeid med born og unge
  • Kan bruke dataverktøy som arbeidsredskap
  • Medlem i Den norske kyrkja

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Likar å arbeide i team og samarbeide godt med andre
  • Har ei kreativ og fleksibel tilnærming til ulike formidlingsformer
  • Trivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og unge
  • Raus og inkluderande
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Anna

For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og Livssynsamfunn §20.

 

Vi tilbyr

  • For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
  • Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.
  • Søknadsfrist 31. oktober 2024
  • Tiltreding etter avtale
  • Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 55

 

Kontaktinformasjon

Jarle Løken, Kyrkjeverge, +47 97549559

 

Arbeidssted

Årsundvegen 11
6270 BRATTVÅG

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Referansenr.: 4860973054
Stillingsprosent: 100%, Fast
Søknadsfrist: 31.10.2024

 

Om bedriften

Sektor: Offentlig

Nettsted: http://www.kirken.no

Del stillingen

Selskap

Haram kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Jarle Løken
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97549559

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

Oktober 31, 2024