Kyrkjelydspedagog i Haram

 

 

Det er ledig 100% fast stilling som kyrkjelydspedagog i Haram kyrkjelege fellesråd.

I Haram er det 6 kyrkjer og 5 sokn. Kommunen ligg ved kysten og inkluderer 4 øyer; Lepsøy, Haramsøy, Longva og Fjørtoft, som no er landfaste gjennom Nordøyvegen. På fastlandet ligg tettstadane Vatne, Brattvåg og Søvik. Kyrkjekontoret er i Brattvåg, 40 km frå Moa, 50 km frå Ålesund og 50 km frå Vigra flyplass.

Haram kommune har omlag 9300 innbyggarar og er ei av dei store industrikommunane på Sunnmøre. Her er eit rikt idretts- og kulturliv med stor aktivitet innan m.a kor, korps og teater. Fjord, fjell og nydeleg natur gir mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Kyrkjestaben i Haram har 3 prestar, 2 organistar, kyrkjelydspedagog, diakon og kateket.

Vår kyrkjelydspedagog dreg til Japan som misjonær , og det blir derfor ledig ei 100% stilling som kyrkjelydspedagog med oppstart 1.august eller etter nærmere avtale.

 

Søknadsfrist: 20.05.2024
Arbeidsgivar: Haram Kyrkjelege Fellesråd
Stad: BRATTVÅG
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog i Haram
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4798305098

 

Arbeidsoppgaver

  • Administrere, planlegge og gjennomføre trusopplæringstiltak for born og unge etter oppsett plan, samt ha ansvar for rapportering
  • Delta i planlegging og gjennomføring av gudstenester der born, unge og familier er målgruppa
  • Planlegge og gjennomføre enkelttiltak saman med tilsette og frivillige medarbeidarar
  • Delta i konfirmantarbeidet
  • Følge opp, inspirere og motivere frivillige medarbeidarar

 

Kvalifikasjoner

  •  Minimum 3-årig høgare utdanning innan kristendom/teologi og pedagogikk
  • Relevant erfaring kan vege opp for formell utdanning. Vi kan vurdere støtte til auka kompetanse innan trusopplæring
  • Erfaring frå arbeid med born og unge
  • Kan bruke dataverktøy som arbeidsredskap
  • Medlem i Den norske kyrkja

 

Personlige egenskaper

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Likar å arbeide i team og samarbeide godt med andre
  • Har ei kreativ og fleksibel tilnærming til ulike formidlingsformer
  • Trivst i lag med, og har evne til å formidle kristen tru til born og unge
  • Raus og inkluderande.
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Anna

  • For å bli tilsett må ein ha førarkort klasse B og kunne disponere eigen bil i arbeidet.
  • Den som får tilbod om stillinga, må legge fram barneombodsattest (politiattest), jfr Lov om tros- og
  • Livssynsamfunn §20.

 

Vi tilbyr

  • For stillinga gjeld reglement og tariffavtalar i kyrkjeleg sektor. Pliktig pensjonsordning i KLP, 2% av løna vert trekt i pensjonsinnskot.
  • Lønn ut frå kvalifikasjonar og i tråd med tariffavtalen. Moglegheit til å drøfte stillingsprosent.
  • Søknadsfrist 20.mai 2024
  • Tiltreding 1.august eller etter avtale
  • Kontakt: Kyrkjeverge Jarle Løken 975 49 559

 

Årsundvegen 11, 6270 BRATTVÅG, Norge

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Jarle Løken
Kyrkjeverge
 Telefon:+47 97549559

Del stillingen

Selskap

Haram kyrkjelege fellesråd

Kontaktinfo

  • Jarle Løken
  • Tittel: Kyrkjeverge
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 97549559

Lokasjon

  • Brattvåg

Søknadsfrist

Mai 20, 2024