Kyrkjelydspedagog Hareid kyrkjekontor, 70-100 % fast stilling, i samarbeid med Hareid KFUK/M

 

NB! For kontormedarbeider gå til bunn av utlysingsteksten.

Hareid kyrkjelege fellesråd – Bedehusgata 17, 6060 Hareid

I Hareid kyrkjelyd ynskjer vi å styrkje arbeidet blant barn og unge og søkjer etter ein person som får ansvar for undervisning i aldersgruppa 11-18 år, ungdomsarbeid og Ten-Sing. Stillinga vert i nært samarbeid med noverande kyrkjelydspedagog, som er leiande pedagog og som får hovudansvar for aldersgruppa 0-10 år og samarbeidet med barnehagar og skule. Trusopplæringa er godt utbygd, og kyrkjelyden fekk i si tid trusopplæringsprisen for arbeidet.

Kyrkjelydspedagog har kyrkjeverja som sin næraste overordna.

Ønskeleg tiltreding: Mars/april 2024.

Vi tilbyr:

· Tett samarbeid med kollegaer i eit godt og kreativt arbeidsmiljø

· Å vere ein del av ein aktiv kyrkjelyd med mange engasjerte frivillige

· Gode utarbeidde og utprøvde planar for trusopplæringa

· Nybygd, lyse og moderne kontorlokaler

· Løn etter gjeldande tariff

. Pensjonsordning i KLP

Arbeidsområde:

· Administrere og utføre undervisninga i aldersgruppa 11-18 år, i samråd med andre tilsette.

· Samarbeid med skulane om undervisning av Tidslinja.

· Ansvar for ungdomsarbeid og Ten-Sing i samarbeid med Hareid KFUM/K

· Administrative oppgåver som ligg til arbeidet.

· Ein må rekne med kvelds-, helge- og høgtidsarbeid

Personleg eigenskapar:

· Engasjert for arbeid med undervisning og trusformidling til born og ungdom

· Gode evner til samarbeid, planlegging og arbeide sjølvstendig

· Gode evner til formidling, kommunikasjon og relasjonsbygging

· Evne til å ta initiativ, vere kreativ, raus og inkluderande

· Personlege eigenskapar vert vektlagt

Om arbeidsgiveren

Arbeidsgiver Hareid kyrkjelege fellesråd

Adresse Rådhusplassen 6, 6060 Hareid

Hjemmeside https://hareid.kyrkja.no

Om stillingen

Stillingstittel Menighetspedagog

Antall stillinger 1

Oppstart 31. mars 2024

Ansettelsesform Fast

Heltid/deltid Heltid

Sektor Privat

Arbeidsdager Ukedager, Lørdag, Søndag

Arbeidstid Dagtid, Kveld

Kontaktperson for stillingen

Bente Andreassen Pilskog, kyrkjeverje/dagleg leiar

976 12 086

[email protected]

 

Hareid sokn ligg i Hareid kommune på øya Hareidlandet. Vi har ei kyrkje og ein gravplass, og er ein aktiv kyrkjelyd der kyrkja er rotfesta i folket. Den verneverdige trekyrkja vår vart vigsla som kyrkje i 1877 og er eit kjært signalbygg i bygda vår.

Hareid kyrkjelyd har 3775 medlemmer (pr. 31.12.22), og har tilsett sokneprest, organist/kantor, kyrkjelydspedagog, kontormedarbeidar, kyrkjetenar og kyrkjeverje/dagleg leiar, kontorlokala er nybygd kontorfløy knytt til kyrkjelydshuset i sentrum av Hareid.

Vi ønskjer å vere ei opa og inkluderande folkekyrkje. Vi ynskjer at alle skal finne sin plass, enten dei er unge eller gamle. Saman kan vi bygge steg for steg, skape gode møteplassar for alle situasjonar i livet – med mål om å gi retning på trusvegen for folk. Hareid sokn er kjend for sitt omfattande trusopplæringsarbeid, med aktivitetar for barn i alderen 0 til 18 år. Mange av aktivitetane skjer i kyrkja som er i bruk nesten kvar einaste dag gjennom heile året.

Hausten 2019 overtok soknet bedehuset til kyrkjelydshus, sentralt plassert i sentrum av Hareid og like ved kyrkja. Huset brukast aktivt i høve ulike aktivitetar og til utleige, og ikkje minst skapast det ulike møteplassar her. Og i november 2022 flytta vi inn i heilt nytt tilbygg for kyrkjekontor, så no er både kyrkjekontor, kyrkjelydshus og frivilligsentralen vår under same tak. Hareid er ein ett-sokns-kommune som vil sei at soknerådet også har fellesrådsfunksjonar, og at det er dei same fokevalde som sitt i begge råda, med kommunal representant i tillegg i fellesrådssaker. Hareid sokn har 6 fulltidstilsette. Ein av dei fulltidstilsette er dagleg leiar i Hareid frivilligsentral, som soknet eig og driv. I tillegg til dei tilsette er mange personar frivillig engasjert i alle aktivitetane som skjer i soknet.

Meir informasjon om oss finn du på nettsida vår: hareid.kyrkja.no

 

————————————————————————————————————————————

Kontormedarbeidar Hareid kyrkjekontor i 50 % fast stilling

Hareid kyrkjelege fellesråd

Søk senest søndag 3. desember

 

Del stillingen

Selskap

Hareid sokn

Kontaktinfo

  • Bente Andreassen Pilskog
  • Tittel: Kyrkjeverje/dagleg leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 976 12 086

Lokasjon

  • Hareid

Søknadsfrist

Desember 3, 2023