Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (40%) / diakonimedarbeidar (60%)
Trusopplæring og diakoni i Stord og Nysæter.
Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (40%) / diakonimedarbeidar (60%)
Tilsetjing etter avtale.
Arbeidsområde
- Oppgåver innan kyrkjeleg undervisning og i skjæringspunktet mellom diakoni og trusopplæring.
- Konfirmantar og tiltak innan ungdomsdiakoni.
- Samtalar, sorgarbeid, fellesskapsbyggande arbeid mm.
- Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring og diakoni vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller diakon.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk, sosiale fag o.l., vil også bli vurdert.
- Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
- Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
- Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
- Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Personlege eigenskapar
- Hjarte for barn og unge.
- God formidlingsevne.
- God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
- God relasjonsbyggjar.
- Kreativ og nyskapande.
- God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
- Evne og vilje til samarbeid.
Me kan tilby
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande KA-tariff.
- Pensjonsordning i KLP
Anna
- Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
- Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
- Du må trivast med ein del kveld- og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
Det er mogleg å søkje på deler av stiillinga. Ynskjer du å søkje som kun kyrkjelydspedagog eller kun diakonimedarbeidar? Send oss gjerne ein søknad likevel.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til
kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, liv.kari@kyrkja-stord.no
Søknad med CV og to referansar kan sendast til
liv.kari@kyrkja-stord.no
Søknadsfrist: 15. desember
Tilsetjing våren 2025 / etter avtale
Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagogar, gravplassarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personell, til saman om lag 14 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og ein ungdomsprest. Administrasjonsmålet er nynorsk.