Kyrkjelydspedagog/diakonimedarbeidar, fast stilling 100 %,
- Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Sæ 21, 5411 Stord
Trusopplæring og diakoni i Stord og Nysæter.
Fast 100 % stilling som kyrkjelydspedagog (70 %)/ diakonimedarbeidar (30%) frå 01.08.2024 eller etter avtale.
Arbeidsområde
- Oppgåver innan kyrkjeleg undervisning og i skjæringspunktet mellom diakoni og kyrkjeleg undervisning.
- Konfirmantar og tiltak innan ungdomsdiakoni.
- Fordelinga av oppgåver innan trusopplæring vil bli vurdert ut frå kvalifikasjonar m.m
Kvalifikasjonar
- Utdanning som kyrkjelydspedagog, kateket eller diakon.
- Søkjarar med utdanning innan kristendom, teologil pedagogikk, diakoni og sosiale fag, vil også bli vurdert.
- Erfaring med kyrkjeleg arbeid for barn og unge.
- Erfaring med å bruka IT-verktøy og sosiale medier i arbeidet.
- Den som vert tilsett, skal leggja fram tilfredsstillande politiattest jfr. Kyrkjelova § 29.
- Du må vera medlem i Den norske kyrkja.
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagde.
Personlege eigenskapar
- Hjarte for barn og unge.
- God formidlingsevne.
- God evne til å planlegga og drifta ulike aktivitetar og tiltak.
- God relasjonsbyggjar.
- Kreativ og nyskapande.
- God evne til å arbeida sjølvstendig og under leiing/rettleiing i team.
- Evne og vilje til samarbeid.
Me kan tilby
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver i eit godt, tverrfagleg stabsfellesskap med kompetente og engasjerte medarbeidarar
- Fagleg og personleg utvikling
- Løn etter gjeldande KA-tariff.
- Pensjonsordning i KLP
Anna
- Tilsetjing skjer med Stord kyrkjelege fellesråd som arbeidsgjevar og med sokna Stord og Nysæter som arbeidsområde.
- Kontorstad: Stord kyrkjekontor i Leirvik sentrum.
- Du må trivast med ein del kveld -og helgejobbing. Avspasering etter avtale.
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til kyrkjelydspedagog/diakonimedarbeidar Solveig Høyland tlf. 486 05 379, eller kyrkjeverje/dagleg leiar, Liv Kari Bru 473 50 754, eller via e-post til: liv.kari@kyrkja-stord.no
Om arbeidsgiveren
- Arbeidsgiver: Stord Kyrkjelege Fellesråd
- Adresse: Sæ 21, 5417 Stord
- Hjemmeside: https://www.kyrkjastord.no
Stord kommune ligg sentralt i Sunnhordland, og har om lag 19.000 innbyggjarar. Fellesrådsområdet femner om Stord og Nysæter sokn, med 2 kyrkjer og Huglo bedehuskapell. Dei komande åra står kyrkja føre spanande endringar og nye utfordringar. Fellesrådet er arbeidsgjevar for 14 tilsette; diakon, diakonimedarbeidar, kantor, kyrkjemusikar, kyrkjelydspedagog, gravplasssarbeidarar, kyrkjetenarar og administrativt personale, til saman om lag 12 årsverk. I tillegg er det 2 sokneprestar og 1 ungdomsprest.
Administrasjonsmålet er nynorsk.
Om stillingen
Stillingstittel: Kyrkjelydspedagog – diakonimedarbeider
Antall stillinger: 1
Oppstart: Etter avtale
Hjemmekontor: Hybrid (noe hjemme, noe på arbeidsplassen)
Heltid/deltid: Heltid
Sektor: Offentlig
Arbeidsdager: Ukedager, Lørdag, Søndag
Arbeidstid: Dagtid, Kveld
Arbeidstidsordning: Skift
Arbeidsspråk: Norsk
Søk på jobben
Søknadsfrist: 1. mai 2024
Send søknad til: liv.kari@kyrkja-stord.no
Kontaktperson for stillingen
Solveig Høyland
Kyrkjelydspedagog/diakonimedarbeidar
48605379
solveig@kyrkja-stord.no