Kyrkjelydspedagog i Fjell sokn- 60% vikariat
Øygarden kyrkjelege fellesråd
Tytebærbrekko 2, 5353 Straume
Stillingstittel Kyrkjelydspedagog i Fjell sokn- 60% vikariat
Type ansettelse Vikariat, deltid 60%
Arbeidsspråk Norsk
Antall stillinger
Søk senest søndag 27. oktober
Øygarden kyrkjelege fellesråd søkjer ein kyrkjelydspedagog i 60% stilling (i perioden 01.01.2025-31.12.2025). Saman med gode medarbeidarar vil du jobbe for dele tru, håp og kjærleik til barn, ungdom og familiar i Øygarden. Stillinga er primært knytt til Fjell sokn.
Ønskjer du å dele bibelforteljingane, trua og dei gode tradisjonane i kyrkja til barn og unge i Øygarden? Vere med å ruste barn og unge til å møte verda ved å bli kjent med og få kunnskap om Jesus? Då er du personen vi søkjer.
Kyrkjelyden sin visjon er:
«Ei kyrkje for alle.» Dette er ein open og imøtekomande visjon både for dei 7031 medlemane i Fjell sokn, og alle andre som er velkomne i og oppsøkjer kyrkja.
I sokneteamet i Fjell vil du saman med andre medarbeidarar utgjere den lokale staben.
Du vil også vere ein del av ein fagseksjon «Seksjon for barn og unge», der alle pedagogar og ungdomsarbeidarar i heile fellesrådet tek del og møtest jamleg.
Arbeidsområde
Leie trusopplæringa i Fjell sokn for målgruppa 0-18 år. Ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av trusopplæringa
Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for gjennomføring av trusopplæringsprogrammet, T-dagen, i soknet, i tett samarbeid med kyrkjelydspedagogane i Foldnes og Landro.
Målgruppe- Barn, ungdom og familiar
Samarbeide med sokneråd, tilsette og frivillige medarbeidarar for at barn, unge og familiar skal finne ein fellesskap i kyrkja som dei kan vekse i og kjenne tilhøyrsle og eigarskap til
Samarbeid i tverrfagleg sokneteam
Representere barn, unge og familiar inn i det tverrfaglege arbeidet i sokneteamet Fjell sokn, og jobbe saman med ulike medarbeidarar for å styrkje gudstenestefellesskap og kyrkjelydsbygging lokalt.
Barnehagar og skular
Planlegging, gjennomføring og evaluering av kyrkja sitt samarbeid med barnehage og skule i soknet, saman med sokneprest, sokneteamsleiar, diakon og organist
Tweens og Tweens+
Klubb frå 5.klasse og oppover, annankvar fredag i Fjell kyrkje. Kyrkjelydspedagog har hovudansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av Tweensklubben. Dette er ein viktig møtestad og tiltak for barn og unge i Fjell sokn.
Ha ansvar for rekruttering og ivaretaking av frivillige i samband med tiltak for barn og unge i Fjell sokn.
Kvalifikasjonar
Pedagogisk og/eller teologisk/kristendomsfagleg utdanning på bachelornivå
Erfaring frå arbeid med barn og unge i kyrkja og/eller frivillige organisasjonar.
Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket i Øygarden kyrkjelege fellesråd er nynorsk
Førarkort klasse B
Krav om medlemskap i Den norske kyrkja.
Personlege eigenskapar
Gode samarbeidsevner. Vi legg vekt på at kompetanse og eigenskapar hos dei tilsette i sokneteamet utfyller kvarandre
Evner til god kommunikasjon og formidling i møte med barn og unge
Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og langsiktig
Evne til å byggje gode relasjonar
Tydeleg etisk bevisstheit rundt det å vere eit førebilete for barn og unge
Vi tilbyr
Utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit stort og kreativt arbeidsfellesskap.
Arbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer og frivillige
Tilsetting på dei vilkår som går fram av lover og reglement
Løn etter KA sine tariffavtalar.
Anna
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Ein må rekne med å kunne få oppgåver i andre sokn i Øygarden kyrkjelege fellesråd
Den som vert tilsett, må leggje fram politiattest utan merknad, jf. Lov om trus- og livssynssamfunn, kapittel 4, §20.
Det er ønskjeleg med eit overlapp
Øygarden kyrkjelege fellesråd ønskjer mangfald med omsyn til kjønn, alder, funksjonshemming, kulturell bakgrunn og/eller hol i CV-en, og oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Kontaktinformasjon
Annlaug Børve, Kyrkjeverje, 47304530
Erlend Femdal, Personalleiar, 90949360
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øygarden kyrkjelege fellesråd
Referansenr.: 4867831631
Stillingsprosent: 60% Vikar
Søknadsfrist: 27.10.2024
Adresse: Tytebærbrekko 2, 5353 Straume, Norge
«Nær Gud, nær menneske.»
Slik lyder kyrkja i Øygarden sin visjon. I alt vårt arbeid og i alle våre møte med menneske skal vi både kvile i, og strekkje oss etter denne visjonen.
Øygarden kyrkjelege fellesråd er eit stort fellesråd, med om lag 40 000 innbyggarar og 28 600 medlemer. Fellesrådet har om lag 50 tilsette som er organisert i fagseksjonar. Dei tilsette er i tillegg delt inn i 5 tverrfaglege sokneteam som samarbeider med kvar av dei 5 sokneprestane og sokneråda i fellesrådsområdet. Fellesrådet yter administrativ og diakonal hjelp overfor 16 tilsette knytt opp mot ungdomsdiakonitiltaket Basecamp, som er eigd av kyrkja, kommunen og Sartor storsenter i fellesskap.
Takknemlegheit, og det å vere tenande og frimodige i arbeidet er sentrale verdiar i Øygarden kyrkjelege fellesråd. Vi ønskjer medarbeidarar som vågar å reflekterer over om praksisen vår samsvarar med dei verdiane vi forkynner og ønskjer å etterleve.
Besøk nettsida vår her og bli betre kjend med oss, eller kom innom for ein prat på vårt trivelege kyrkjekontor på Straume.