
Dagleg leiar/ kyrkjeverje
DAGLEG LEIAR/ KYRKJEVERJE I TIME– 100 % stilling
Time kommune ligg på Jæren, ca 30 km sør for Stavanger. Kommunen med om lag 19.000 innbyggjarar har fleire bygder med eigne barne- og ungdomsskular, ein stor vidaregåande skule og eit rikt kyrkje- kultur og idrettsarbeid.
Time kyrkjelege fellesråd søkjer etter rett person til ei spanande og innhaldsrik leiarstilling.
Fellesrådet er administrativt organ for kyrkja i Time kommune. Me har 4 aktive, men ulike kyrkjelydar, Bryne, Time, Lye og Undheim. Bryne, Time og Undheim er eigne sokn, medan Lye er lokalisert under Time sokn. Alle har felles kyrkjekontor sentralt i Bryne. Her har og Prosten i Jæren sitt kontor. Kvart sokn har eigen dagleg leiar og eigen stab med tilsette og eit stort korps av frivillige medarbeidarar. Det vert drive eit variert og rikt kyrkjelydsarbeid.
Kyrkjeverja er dagleg leiar av Time kyrkjelege fellesråd. Fellesrådet har ansvar for 20 tilsette, 2 kyrkjebygg og 2 gravplassar. I tillegg har ein samarbeidsavtale om bruk og drift av Undheim kyrkje og bedehus. Ein er i gang med planarbeid for utbygging av Bryne kyrkje.
Fellesrådet eig og driv 2 barnehagar med 25 tilsette. Barnehagen i Bryne kyrkje held til i kjellaren i Bryne kyrkje, medan Undheim barnehage har eigne lokaler på Undheim. Barnehagane har eigne styrarar og eigne budsjett.
Les om oss på https://timekyrkjene.no/.
- Søknadsfrist: 27.08.2023
- Arbeidsgivar: Time kyrkjelege fellesråd
- Stad: Bryne
- Stillingstittel: Dagleg leiar/ kyrkjeverje
- Stillingar: 1
- Heiltid/Deltid: Heiltid
- Tilsetjingsform: Fast
- Stillingsprosent: 100
- Webcruiter-ID: 4686883830
Arbeidsoppgåver
- Dagleg leiar for fellesrådet si verksemd
- Oppfølgjing av barnehagane
- Budsjettering og økonomistyring
- Personalforvaltning
- Gravferdsforvaltning
- Ansvar for drift og vedlikehald av kyrkjebygg og gravplassar
- Saksbehandlar og sekretær for fellesrådet
- Oppretthalda eit godt samarbeid med prost, kommune og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på høgskule-/universitetsnivå, gjerne med administrasjon, økonomi og leiing som fagområde
- Leiarerfaring og anna realkompetanse kan eventuelt kompensera for manglande formell utdanning
- Gode leiareigenskapar og kompetanse innan administrasjon og økonomi
- Kjennskap til Den norske kyrkja sitt arbeid og organisering
- Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner og evne til å sjå og utvikla medarbeidarar
- Engasjert, ryddig, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande
- Sjølvstendig og trygg på eigen rolle i møte med ulike utfordringar
- Erfaring frå kyrkjeleg arbeid er ein fordel
- Kunne håndtera og trivast i eit hektisk miljø
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr
- Spanande stilling og godt arbeidsmiljø
- Leiarfellesskap med assisterande kyrkjeverje og 3 daglege leiarar
- Godt samarbeid i prostiet, med kommunen og andre kyrkjeverjer i Bispedømme
- Lønn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Anna:
- Krav om medlemskap i Den norske kyrkja
- Søkjar må kunna disponera bil
- Det må reknast med noko møteverksemd på ettermiddags-/kveldstid
- Den som blir tilbudd stillinga, må leggja frem godkjent politiattest før tiltreding
Søknadsfrist: 27. august
Tiltredelse: 1.januar 2024
Adresse:Erlandsbakken 6, 4340 Bryne, Norge
Kontaktinformasjon
Willy Finnbakk
Fellesrådsleiar
Telefon:982 50 999
E-post:[email protected]
Siri Vik
Konstituert kyrkjeverje
Telefon:906 43 758
E-post:[email protected]