
Avdelingsleiar
Kviteseid helsesenter
Kviteseid kommune søkjer ein utviklingsorientert og strukturert avdelingsleiar for Kviteseid helsesenter.
Stillinga inngår i tenesteområdet Velferd og rapporterer til kommunalsjefen.
Kviteseid helsesenter består av psykisk helse og rus, helsestasjon og legekontor. Helsesenteret ligg sentralt plassera i Kviteseid samlokalisera med interkommunalt barnevern.
Psykisk helse og rus har 4,2 årsverk fordela på 6 tilsette. Psykisk helse og rus har lågterskeltilbod og vedtaksbasera tilbod innan psykisk helse og rus, samt at dei driftar eit dagsentertilbod.
Helsestasjonen har 2 årsverk fordela på to tilsette. Dei tilbyr helsestasjon, skulehelseteneste og samarbeider med den interkommunale jordmortenesta.
Legekontoret har tre legeheimlar og 2,8 årsverk fordela på fire tilsette som støttepersonell ved legekontoret. Legekontoret tilbyr tenester som fastlegekontor, kommunale legeoppgåver og øyeblikkeleg hjelp.
Om stillinga
100% fast stilling som avdelingsleiar ved Kviteseid helsesenter
Stillinga er ei kombinert fag- og driftsstilling og er fordelt slik:
- 40 % administrativt
- 60 % i drift
Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i koordinering og vidareutvikling av tenestene innan legekontor, psykisk helse og helsestasjon. Du har ansvar for den operative drifta av avdelinga og skal medverke til at tenestene vert utførte på ein fagleg forsvarleg, effektiv og brukarorientert måte.
Stillinga har ikkje formelt budsjett- eller personalansvar, men du vil få delegert personalrelaterte leiaroppgåver, som oppfølging av rutinar, dagleg koordinering, medarbeidarsamtalar, medverknad i arbeidsfordeling og den operative leiinga av helsesenteret.
I drift arbeider avdelingsleiaren som støttepersonell ved legekontoret med alle oppgåver som ligg til den tenesta. Det er både kliniske og administrative oppgåver som prøvetaking, behandling, assistanse, akuttberedskap, resepsjon og telefonteneste, timebestilling og journalføring.
Rolla inneber òg ansvar som vaksineansvarleg i kommunen, med ansvar for å koordinere kommunens vaksinasjonstilbod.
Dine viktigaste arbeidsoppgåver
- Dagleg leiing og koordinering av avdelinga
- Sikre gode, heilskaplege og samordna pasient- og brukartenester
- Medverke til utvikling av fag, kvalitet og interne rutinar
- Oppfølging av delegert personalarbeid
- Ansvar for koordinering av kommunens vaksinasjonsarbeid
- Medverknad i tverrfaglege prosessar og utviklingsprosjekt
- Praktiske oppgåver ved legekontoret
- Rapportering og samarbeid med kommunalsjef og andre fagmiljø
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse- og sosialfag
- Særleg relevant realkompetanse kan kompensere for utdanningskravet
- Leiarerfaring frå liknande område er ein fordel
- Erfaring frå kommunehelsetenesta er ein fordel
- God forståing for drift, koordinering og kvalitetsarbeid
- Gode digitale ferdigheiter
- Erfaring frå vaksinasjonsarbeid er ein fordel
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde i vurderinga av kandidatar.
Vi ser etter ein person som:
- Er trygg, tydeleg og strukturert
- Er løysingsorientert og handterer endring godt
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Trivst med både sjølvstendig arbeid og teamarbeid
- Er engasjert i utvikling av gode tenester for innbyggjarane
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert rolle i eit viktig samfunnsområde
- Tverrfagleg og kompetent arbeidsmiljø
- Moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontakt ved spørsmål
Kommunalsjef velferd
Thormod Moi Felle
tlf. 92 33 66 94
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål vil bli etterspurd i samband med intervju.
Søknadsfrist: 08.03.26

