HFK-111017-11562066_1920

Yrkesfaglærar Teknologi- og industrifag

 

Kvinnherad vidaregåande skule

Kvinnherad vidaregåande er ein kombinert vidaregåande skule med eit variert tilbod av yrkesfag og studiespesialiserande programfag. KVV har som mål å vere ein tydeleg og aktiv pådrivar i utviklinga av Kvinnherad. Målsetjinga vår er å vere den viktigaste møteplassen og lærestaden for ungdom i Kvinnherad.

På KVV er me stolte av å skape eit inkluderande og positivt læringsmiljø. Vi har gjennom prosjektet «Ulikt utgangspunkt, like sjansar» eit stort fokus på inkluderande praksis og tilpassa opplæring. Det betyr at vi jobbar for at det spesialpedagogiske skal gå hand i hand med den ordinære opplæringa, og at alle elevar skal kjenne seg fagleg og sosialt inkluderte i fellesskapet.

Frå skulestart 2026 har vi ledig 200% fast undervisningsstilling innan Teknologi- og industrifag.
I tillegg har vi ledig undervisningsstilling inntil 100% vikariat for skuleåret 26/27 innan Teknologi- og industrifag.

Stillingane vil innebere undervisning både på Vg1 og Vg2 i programområde Teknologi- og industrifag, Industriteknologi og Kjemiprosess.

Nøkkelinformasjon

Søknadsfrist:17.04.2026
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune
Stillingstittel:Yrkesfaglærar Teknologi- og industrifag
Stillingar:3
Heiltid / Deltid:Heiltid
Tilsetjingsform:Fast
Stillingsprosent:100
Webcruiter-ID:5101404352

Arbeidsoppgåver

Undervising og oppfølging av elevar.

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning med særleg vekt på inkludering og tilpassa opplæring
  • Samarbeid i lokalt læringsfellesskap
  • Bidra til kompetanseutvikling – både pedagogisk og fagleg

Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning.

Du samarbeider med kollegaer og leiing i profesjonsfellesskapet, og med opplæringskontor og næringsliv om formidling av læreplass til elevane.

Du held deg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa.

Kvalifikasjonar

Det er ønskjeleg med:

– Fagbrev innan mekaniske fag
– Fagskule
– Godkjent pedagogisk utdanning
– Erfaring frå undervisning i vidaregåande skule

Dersom du manglar delar av utdanningskrava er det gode ordningar for etterutdanning.

Personlege eigenskapar

  • Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald.
  • Du er ein tydeleg og omsorgsfull vaksen i møte med elevar.
  • Du har god pedagogisk forståing, og eit engasjement for elevar som trivst med praktisk arbeid.
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø med engasjerte kollegaer.
  • Gode moglegheiter for fagleg og pedagogisk utvikling.
  • Eit godt samarbeid med lokalt næringsliv.
  • Ein arbeidskvardag der du får vera med og forme framtidas fagarbeidarar.
  • Ein skulen med fokus på praktisk læring, meistring og inkludering.
  • Eit rikt og variert næringsliv innan industri og teknologi.
  • Ein kommune med fantastiske naturopplevingar, frå fjord og sjø til fjell og bre.
  • Eit levande kulturliv og gode moglegheiter for friluftsliv året rundt.
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.

 

Søk på stillingen her.

 

Kontaktinformasjon

Linda Dale Heimstad
Avdelingsleiar
Telefon:48035098
E-post: linda.dale.heimstad@vlfk.no

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

 

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Linda Dale Heimstad
  • Tittel: Avdelingsleiar
  • E-Post: linda.dale.heimstad@vlfk.no
  • Mobil/Tlf: Telefon: 480 35 098

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

April 17, 2026