
Spesialpedagog i barnehagane 100% fast
Eining Barn og familie – er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i seks avdelingar: barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling Familiestøtte, Villatoppen Avlastningsbustad og Butiltak barn og unge. Eininga held til i lokalar i Husnes tenestesenter på Husnes.
Omtale av stillinga
Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for tilsetting frå 01.08.25.
Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid.
Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.
Arbeidsoppgåver
Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen
Arbeide med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå
Observasjon og kartlegging
Rettleiing på individ- og systemnivå
Styrking av det systematiske språkarbeidet.
Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter §31 i barnehagelova.
Utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar.
Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester
Kvalifikasjonar
Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse.
Personlege eigenskaper
Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
Erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon
God samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
Eigna for arbeid med barn og foreldre
Evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
Evne til fleksibilitet og endringsvilje
Krev gode norskkunnskapar
Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Å kunne arbeide tverrfagleg
Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.
Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.
Vi tilbyr
Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
Rettleiing.
Løn etter kvalifikasjonar.
Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
Kvinnherad kommune har gratis SFO.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 16.03.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Barnehagane i Kvinnherad
Kontaktpersonar:
marianne Lyngnes Bjørnebøle
mob: +47 90211091
Randi Pedersen
mob: +47 45288088
Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Sentrumsvegen 29 5460 Husnes
Kvinnherad kommune Barn og familie
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.