Kvinnherad kommune Barn og familie

Spesialpedagog i barnehagane 100% fast – 2. gongs utlysing

 

Eining Barn og familie – er ei av 21 einingar i sektor oppvekst. Eininga er delt inn i fem avdelingar: Barnevern, helsestasjon, PPT, avdeling for Familiestøtte og Villatoppen Avlastningsbustad. Eininga held til i lokalar på Husnes tenestesenter på Husnes.

Omtale av stillinga

Kvinnherad kommune har ledig 100% fast stilling som spesialpedagog i barnehagane for snarleg tilsetting.

Barnehageteamet er knytt til barnehagane i Kvinnherad kommune med eit særskilt fokus på tidleg innsats og spesialpedagogisk hjelp og har ei utøvande og veiledande rolle innan spesialpedagogisk arbeid.

Spesialpedagogane har oppmøtestad i inntil to barnehagar. Styrar i den enkelte barnehage er spesialpedagogen sin næraste leiar. Oppmøtestad vil endrast kvart tredje år. Spesialpedagogane vil ha ein koordinator i PPT som har ansvar for rekruttering og oppfølging ved langtids sjukefråvær, i tett samarbeid med styrarane. Spesialpedagogane vil delta i eit spesialpedagogisk nettverk med møter kvar 6. veke for faglege drøftingar og påfyll. Ut over detta vil spesialpedagogen ha sin fulle arbeidsdag i to barnehagar. Spesialpedagogane vil ikkje være del av grunnbemanninga i barnehagane.

Arbeidsoppgåver

Arbeider med førebygging og tidleg innsats på individ og systemnivå ​
Styrker praksis til barnehagane med inkluderande praksis for alle barn​
Ansvar for spesialpedagogisk hjelp etter jf. §31 i barnehagelova, både direkte i forhold til barnet og i rettleiing til foreldre, dersom vedtaket seier dette.
Observasjonar og kartlegging
Rettleier personalet i barnehagen på individ- og systemnivå​
Tverrfagleg samarbeid med andre hjelpetenester
Arbeider etter Handlingsrettleiaren til BTI​
Er ein fagleg ressurs innan spesialpedagogisk område for barnehagen​
Utarbeider individuell utviklingsplan (IUP) og årsrapport i samarbeid med pedagogisk leiar
Styrker det systematiske språkarbeidet i barnehagen saman med tilsette i barnehagane

 Kvalifikasjonar

Godkjent barnehagelærarutdanning. Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller pedagogikk, 2.avdeling spes.ped. eller anna relevant utdanning. Det er ønskjeleg med rettleiarkompetanse.

 Personlege eigenskaper

  • personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing
  • erfaring frå arbeid med rettleiing er ei føremon.
  • god samarbeidsevne, god kommunikasjon og relasjonsbyggjar
  • at ein er eigna for arbeid med barn og foreldre
  • evne til å arbeide effektivt, sjølvstendig, målretta og strukturert
  • evne til fleksibilitet og endringsvilje
  • krev gode norskkunnskapar
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • å kunne arbeide tverrfagleg

 Vi forventar at søkjar har vilje til å auke sin kompetanse innanfor relevante områder og ut frå tenesta sitt behov.

 Den som vert tilsett må ha sertifikat og disponera bil.

 Vi tilbyr

  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø.
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
  • Rettleiing.
  • Løn etter kvalifikasjonar.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.
  • Kvinnherad kommune har gratis SFO.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

Søk på stillinga her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 21.01.2024

 

Tiltreding: Snarleg tilsetting

Arbeidsstad: Barnehagane i Kvinnherad

Kontaktpersonar:

Marianne Lyngnes Bjørnebøle

mob: +47 90211091

Randi Pedersen

mob: +47 45288088

 

Heimeside:
www.kvinnherad.kommune.no
Adresse: Sentrumsvegen 29 5460 Husnes

Kvinnherad kommune Barn og familie

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar.

Kommunen ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda

Rosendal er administrativt senter, Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjærgard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

 

 

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Randi Pedersen
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 452 88 088
  • Marianne Lyngnes Bjørnebøle
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 902 11 091

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

Januar 1, 2024