Kvinnherad kommune Helse

Fastlege

 

 

Ledig deleliste ved Halsnøy Helsesenter for snarleg tiltreding

Kvinnherad kommune har vel 13.100 innbyggjarar. Kommunen ligg mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter. Husnes er største tettstaden, har to barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad har eit mangfaldig kulturliv. Sjø, skjergard, fjell og bre gjev naturtilhøve for friluftsliv heile året.

Kommunen har i mange år hatt ei god og stabil legedekning. For tida har vi 18 fastlegar i kurativ teneste, både med private avtaleheimlar og tilsett i kommunen med fastløn og % andel av pasientinntekter. I tillegg har kommunen ein stilling for LIS1, 3 sjukeheimslegar i totalt 210% stilling og kommuneoverlege i 100 % stilling. Offentlege oppgåver ved helsestasjonar og i eldreomsorga ellers er fordelt slik at 6 av legane har 8 – 20 % stilling til offentleg allmennlegeteneste.

Kvinnherad kommune er registrert utdanningsvirksomhet i allmennmedisin. Ved å tiltre i stillingen vil man kunne tegne ALIS-avtale med kommunen.

Kvinnherad er ein vidstrakt kommune. Legane er fordelt på fire legekontor. Det er eit godt fagleg og kollegialt fellesskap i legegruppa, god vegleiing og bakvaktordning i forhold til legevakt, godt samarbeid og samtrening med lokal ambulanseteneste. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjon.

Kommunen har etablert ein Frisklivsentralen og har tilsett folkehelsekoordinator.

 

Ledig fastlegeheimel ved Halsnøy helsesenter for snarleg tiltreding

Me søkjer etter lege med spesialisering eller ALIS til 100% fast stilling til deleliste på 600 og kommunale oppgåver i 30% for snarleg tiltreding. Når seniorlegen pensjonerer seg vil lege med delelisten betena ei liste på til saman 800 pasientar. Heimelen er lokalisert ved kommunalt legesenter som per i dag består av 3 fastlegeheimlar med til saman eit listetak på 2400 pasientar, innbyggjartal i området er om lag tilsvarande.

Me har fleksible arbeidsvilkår og tilbyr fast lønn og fast arbeidstid, nødvendig tilrettelegging for deltaking i vidareutdanning og rettleiingsgruppe. Kommunen legg opp til eit tilpassa listetak. Gradert stilling er også mogleg, dersom dette er ynskjeleg. Kommunen ynskjer med dette å leggja til rette for ein enklare start som allmennlege. Samtidig er kommunen også open for tilsetjing som sjølvstendig næringsdrivande.

Stillinga inneber deltaking i legevaktordning. Vaktordninga er for tida 13-delt. Kvinnherad legevakt er bemanna med sjukepleiar på kveldstid og helgedagar. Kvinnherad legevakt ligg vegg i vegg med ambulansestasjonen.

Alle sjølvstendig næringsdrivande fastlegar har økonomisk samarbeid og driftsavtale med kommunen. Dette inneber m.a. at kommunen held lokale, tilset og har arbeidsgjevaransvar for hjelpepersonell i forholdstal 1 hjelpepersonell per 1100 listepasientar.

 

For stillinga søkjer vi lege som har:

  • norsk autorisasjon
  • fullført turnuspraksis/LiS1-praksis i allmennmedisin. Det er en fordel å være under spesialisering eller ferdig spesialist
  • gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Søkjarar som beherskar nordisk språk skriftleg og munnleg kan søkje
  • gode ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling

Personlege eigenskapar, kjennskap til norsk helsevesen og erfaring frå primærhelsetenesta i Norge vil verta vektlagt. Søkjar må ha førarkort for bil.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.

Kvinnherad kommune hjelper til med å skaffa bustad, og flytting vert betalt etter gjeldande reglar.

 

Kvinnherad kommune gir SVÆRT GODE BETINGELSER. Ta kontakt med oss for nærmare avklaring rundt dette.

 

Nærare opplysningar om stillinga, økonomiske vilkår m.m. kan ein få hos:

Avdelingsleder Halsnøy helsesenter Wanda Medhus tlf. 414 52 380 [email protected]

Kommuneoverlege Glenn A. Opland tlf. 977 09 308 [email protected]

Einingsleiar Irina Zimina tlf. 488 94 055 [email protected]

 

Søknadsfrist: 19.08.2024

Bruk elektronisk søknadsskjema, det finn du under ledige stillingar på Kvinnherad kommune si heimeside: www.kvinnherad.kommune.no 

 

 

 

Søk her

 

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 19.08.2024
Arbeidsstad: Halsnøy Helsesenter

 

Kontaktpersonar:

Glenn A. Opland
mob: +47 977 09 308

Irina Zimina
mob: +47 488 94 055

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

 

Kvinnherad kommune Helse

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Irina Zimina
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 488 94 055
  • Glenn A. Opland
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 977 09 308

Lokasjon

  • Rosendal

Søknadsfrist

August 19, 2024