Kvinnherad kommune Sunde skule

 

Einingsleiar/rektor Sunde skule

 

Sunde skule har frå 01.08.25 ledig stilling som rektor/einingsleiar. Skulen har 79 elevar i 1. – 7. trinn, 11 lærarar og 4 assistentar. Skulen er organisert med rektor, SFO-koordinator og merkantil ressurs. I tillegg har skulen pedagogisk koordinator, e-pedagog og etablert ressursteam. Einingsleiar er ein del av Sektor oppvekst sitt tverrfaglege leiarteam.

Skulen ligg nær opp til Sunde barnehage i bygda Sunde, om lag 4 km frå Husnes.
Bygda har sterk lokalhistorisk tradisjon innan båtbygging, segling og fiske og skulen har eigne undervisningsopplegg i kystkultur.

 

Arbeidsoppgåver

Ansvar for den daglege drifta av skulen, pedagogisk arbeid, utvikling- og kvalitetsarbeid, personal- og økonomiansvar. Legge til rette for medverknad, samarbeid og samhandling for eit godt tenestetilbod.

 

Vi ønskjer ein leiar som har følgjande kvalifikasjonar

  • relevant høgskule- og/eller universistetsutdanning innan pedagogikk
  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

 

Vi legg vekt på følgjande personlege eigenskapar

  • engasjemenet for elevane sine resultat og trivsel
  • evne til å inspirerer og drive ein lærande organisasjon
  • inkluderande menneskesyn, gode mellommenneskelege dugleikar og evne til å skape eit godt arbeidsmiljø

 

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
  • Vidareutdanning i leiing – rektorskulen
  • Fellesskap i kommunen sitt leiarteam og fagleg nettverk
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP/SPK
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen

 

Søknad vert å senda 

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju). Normalt vil søkjar sitt namn bli offentlegjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.  Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert. Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 12-11, opplæringslova § 17-11, lov om barnehagar § 30, Helsepersonellova § 20 a og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 13.05.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Sunde

 

Kontaktpersonar:

Heidi Solheim
mob: +47 48895633

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Hamrabrekko 12 5450 SUNDE I SUNNHORDLAND

 

Kvinnherad kommune Sunde skule

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Heidi Solheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 48895633

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

Mai 13, 2025