Kvinnherad kommune Undarheim skule

Kvinnherad kommune Undarheim skule – Brenn du for å gjere ein skilnad for barn og unge? Då kan Undarheim skule vere rett plass for deg!

Avdelingsleiar ved Undarheim skule (nye Husnes barneskule)

 

Me søkjer ein engasjert og utviklingsorientert avdelingsleiar. Det vil ligge om lag 50% undervisning knytt til stillinga, stillingstørrelsen er 100%. Du blir ein del av ei samkøyrd leiargruppe saman med rektor og to avdelingsleiarar.

Om skulen

Undarheim skule er ein barneskule med om lag 200 elevar og eit mangfaldig elevmiljø som speglar over 15 nasjonalitetar. Me har ein inkluderande skulekultur med ope samarbeid og delingsvilje, og vi legg stor vekt på elevaktivitet og fellesskap.

Skulen har om lag 40 tilsette, med aldersfordeling, og personalet består av begge kjønn. Her er arbeidsmiljøet prega av trivsel, fagleg fellesskap og godt samarbeid. Saman har me alle ansvar for å skape eit godt læringsmiljø for elevane, og arbeidsmiljø for dei tilsette.

Frå skuleåret 2025/2026 flyttar me inn i eit nytt og framtidsretta skulebygg – utforma i samarbeid med dei tilsette. Bygget får mellom anna lydstudio, skaparverkstad, amfi, fleksible romløysingar og gode arbeidsrom for dei tilsette. Skulen får òg eit flott uteområde og ligg i nærleiken av Kvinnherad Arena – ein ny fleirbrukshall med melom anna klatrevegg og basishall med nedsenka trampolinar.

Som avdelingsleiar

  • bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø gjennom systematisk og målretta arbeid. Du har særleg fokus på tidleg innsats og inkluderande praksis gjennom førebygging, fange opp og følgje opp
  • tek du ansvar for eit godt arbeidsmiljø og personalhandtering i samarbeid med rektor
    følgjer du opp undervisninga og elevane si læring og utvikling i samarbeid med dei andre tilsette
    legg du til rette for pedagogisk kvalitetsarbeid og deltek i lærande profesjonsfellesskap på skulen
  • tek du ansvar for dagleg drift, slik som ressurs,- og timeplanlegging, i samarbeid med rektor
    er du fleksibel og aktiv i skulen si leiargruppe og bidreg til systematisk og forskingsbaserte utviklingsarbeid
  • tek du vare på eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar

Me søker ein avdelingsleiar med

  • pedagogisk utdanning
  • leiarerfaring og/eller leiarutdanning. Dersom du ikkje har leiarutdanning forpliktar du deg til å ta dette
  • erfaring med undervisning og tilpassa opplæring frå grunnskule
  • god læreplanforståing og engasjement for å jobbe med skuleutvikling, gjennom å leie og å delta i profesjonelle læringsfellesskap

Personlege eigenskapar

  • Me søker ein utviklingsorientert avdelingsleiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. Personlege eigenskapar vil vektleggjast ved tilsetjing.
  • Du er engasjert, inkluderande, omsorgsfull og tydeleg
  • Du har eit grunnleggande positivt elev- og læringssyn og god relasjonskompetanse
  • Du blir motivert av å yte gode tenester
  • Du kan jobbe systematisk’
  • Du har evne til å involvere og samarbeide med elevar, tilsette, føresette og relevante samarbeidspartnarar
  • Du er fleksibel og har høg arbeidskapasitet

Me tilbyr

  • Engasjerte kollegaer med god kompetanse
  • Ei meiningsfull, utfordrande og interessant leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
  • Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og humor
  • Ein spennande skule i utvikling på veg inn i nye lokalar
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

Stillingstype: 100% fast

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 05.06.2025

Tiltreding: 01.08.2025

Arbeidsstad: Husnes

 

Søk på stillinga her.

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 05.06.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Husnes

 

Kontaktpersonar:

Beret Sirma-Tellefsen Hveem
mob: +47 48861998

Rikard Røros
mob: +47 95754306

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Røsslandsvegen 5 5460 Husnes

 

Kvinnherad kommune Undarheim skule

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Beret Sirma-Tellefsen Hveem
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 48861998
  • Rikard Røros
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 95754306

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

Juni 5, 2025