
Avdelingsleiar Valen skule
Valen skule søkjer etter avdelingsleiar 50%
Stillinga vil vera 100% fast der 50% er som avdelingsleiar, og resterande 50% er til undervisning. Avdelingsleiar inngår i skulen si leiargruppe saman med rektor.
Valen skule er ein barneskule med om lag 135 elevar. Skulen vert frå 2025 større då Skarveland og Valen skule slår seg saman. Valen skule søkjer difor etter avdelingsleiar til skulen. Det er og kommunale vedtak på at Valen skule skal bli fornya i nær framtid.
Me er ein PALS skule og er stolt av det. PALS står for Positiv Åtferd, Støttande Læringsmiljø, og Samhandling. Dette er ein metode som hjelper dei vaksne til korleis dei skal utføre sitt oppdrag i skule og SFO.
Me har god delingskultur og underviser gjerne med opne dørar. Elevaktivitet og inkludering står høgt hos oss.
Hos oss jobbar om lag 25 kjekke og dyktige menneske og me har eit godt og sosialt læringsmiljø. Saman er me ansvarlege for å skape eit godt læringsmiljø for elevane og eit tilsvarande godt arbeidsmiljø for alle tilsette. Alle medarbeidarar utgjer ein skilnad for elevane våre.
Skulen ligg i Kvinnherad kommune. Kommunen er den fyrste i landet som har gratis SFO, og dekking av flytteutgifter vert gjort etter avtale. Kvinnherad er kommunen for deg som er glad i fjord og fjell, klatring, toppturar, rusleturar langs vatnet, sport og dyreliv.
Som avdelingsleiar:
- bidreg du til eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø gjennom systematisk og målretta arbeid. Du har særleg fokus på tidleg innsats og inkluderande praksis gjennom førebygging, fange opp og følgje opp
- tek du ansvar for eit godt arbeidsmiljø og personalhandtering i samarbeid med rektor
- følgjer du opp undervisninga og elevane si læring og utvikling i samarbeid med dei andre tilsette
- legg du til rette for pedagogisk kvalitetsarbeid og deltek i lærande profesjonsfellesskap på skulen
- tek du ansvar for dagleg drift, slik som ressurs,- og timeplanlegging, i samarbeid med rektor
- er du fleksibel og aktiv i skulen si leiargruppe og bidreg til systematisk og forskingsbaserte utviklingsarbeid
- tek du vare på eit godt samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
Det er ønskje om
- pedagogisk utdanning
- leiarerfaring og/eller leiarutdanning. Dersom du ikkje har leiarutdanning forpliktar du deg til å ta dette.
- erfaring med undervisning og tilpassa opplæring frå grunnskule
- god læreplanforståing og engasjement for å jobbe med skuleutvikling, gjennom å leie og å delta i profesjonelle læringsfellesskap.
Personlege eigenskapar
Me søker ein utviklingsorientert avdelingsleiar med ein motiverande og inkluderande leiarstil prega av samarbeid, medverknad og dialog. Personlege eigenskaper vil vektleggjast ved tilsetjing.
- Du er engasjert, inkluderande, omsorgsfull og tydeleg.
- Du har eit grunnleggande positivt elev- og læringssyn og god relasjonskompetanse.
- Du blir motivert av å yte gode tenester.
- Du kan jobbe systematisk.
- Du har evne til å involvere og samarbeide med elevar, tilsette, føresette og relevante samarbeidspartnarar.
- Du er fleksibel og har høg arbeidskapasitet.
Me tilbyr
- Engasjerte kollegaer med god kompetanse
- Ei meiningsfull, utfordrande og interessant leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
- Eit godt arbeidsmiljø basert på medverknad, engasjement, profesjonalitet og humor
- Løn etter avtale i kapittel 4 i HTA
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju.
Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova § 10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.
Fylke: Vestland
Søknadsfrist: 06.03.2025
Tiltreding: 01.08.2025
Arbeidsstad: Valen
Kontaktpersonar:
Frode Gaasdal
tlf: 98625194
mob: +47 98625194
Heimeside:
Adresse:
Valevegen 42 5451 Valen
Kvinnherad kommune Valen skule
Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.