Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

 

Avdelingsleiar

 

 

Er du vår nye avdelingsleiar i Rus og psykiske helsetenester?

Vi søkjer ein engasjert og dyktig leiar til vår avdeling i Rus og psykiske helsetenester. Som avdelingsleiar vil du ha ei sentral rolle i å utvikle og leie våre tenester, med fokus på å tilby heilskaplege og brukarsentrerte løysingar. Avdelingsleiar har fag-og personalansvar for Oppfølgingtenesta og Utsikten bufellesskap.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Leie og utvikle avdelinga i tråd med kommunen sine mål og strategiar.
  • Sikre høg kvalitet og kontinuerleg forbetring av tenestene.
  • Personalansvar for avdelinga sine tilsette, inkludert rekruttering, opplæring og oppfølging.
  • Samarbeide med interne og eksterne aktørar for å sikre heilskaplege tenester.
  • Budsjett- og økonomiansvar for avdelinga saman med Einingsleiar.

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag.
  • Leiarerfaring er ønskjeleg, gjerne innan rus og psykisk helse.
  • Leiarutdanning er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • God kjennskap til lovverk og retningslinjer innan fagområdet.
  • Ønskjeleg med kunnskap innan turnusarbeid.
  • Evne til å inspirere og motivere medarbeidarar.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.

 

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og utfordrande leiarstilling i ein dynamisk organisasjon.
  • Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene innan rus og psykisk helse.
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
  • Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar.

 

Er du klar for å ta utfordringa? Send din søknad og CV  innan 23.03.2025.

Ved tilsetjing vert det lagt vekt på personelge eigenskapar og relevant arbeidserfaring.

 Vi ber og om at du oppgir mobiltelefonnr. og e-postadresse i søknaden din.

 

 Søknad vert å senda

Kvinnherad kommune oppfordrar til å søkja elektronisk (godkjende vitnemål og attester tar ein med på evt. intervju).

Normalt vil søkjar sitt namn bli offentleggjort i postjournal og offentleg søkjarliste. Dersom du ønskjer at søknaden ikkje

skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta

offentleggjorde, jf. Offentleglova § 25. Du vil då verte varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje

søknaden din.

 

Innsendte vitnemål og attestar blir ikkje returnert.

 

Det er krav om gyldig politiattest før du tiltrer i stillinga. Kravet er heimla i lov om barnevern § 6.10, opplæringslova §

10.9, lov om barnehagar § 19, Helsepersonellova § 20 og helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4.

 

 

Søk her

 

 

Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast
Heiltid/Deltid: Heiltid
Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 23.03.2025

 

Kontaktpersonar:

Linn Stene Hellås
mob: +47 95960651

 

Heimeside:

www.kvinnherad.kommune.no

 

Adresse:

Rosendalsvegen 10 5470 Rosendal

 

Kvinnherad kommune Rus og psykiske helsetenester

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda.
Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter.
Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Nyleg vart Kvinnherad Arena opna, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte.
Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund.
Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Del stillingen

Selskap

Kvinnherad kommune

Kontaktinfo

  • Linn Stene Hellås
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 95960651

Lokasjon

  • Husnes

Søknadsfrist

Mars 23, 2025