Osterøy kommune

Er du vår nye koordinator for kommunen sine investeringsprosjekt?

 

Koordinator for investeringsprosjekt

Kort om stillinga:

Osterøy kommune skal bli betre på styring og gjennomføring av prosjekt. Vi skal dei neste åra gjere store investeringer i kommunale bygg. Kapasiteten på prosjektleiing i kommunen er for tida lita. Vi har gjennom rammeavtale med ulike firma sikra oss kompetanse på prosjektleiing og byggeleiing, men manglar den interne ressursen som kan vere bindeleddet mellom ekstern projektleiar og dei respektive fageiningane innad i kommunen. Vi manglar og kapasitet og gode rutiner for rapportering til politisk nivå og økonomi/tidssstyring av prosjekta. Stillinga vil ha ei sentral rolle i dette arbeidet, og samarbeide tett med økonomiavdelinga for å sikre ei god overordna økonomisk styring av kommunen sine investeringar. Vi ynskjer å heve kvaliteten på prosjektarbeidet og styrke fokus på måloppnåing, både knytt til tid og økonomi/budsjett.

Vi treng å sikre at at menneskene og ressursane som er sett av til å fullføre eit mål, blir brukt på riktig måte.

I første omgang vil arbeidet bli knytt opp til tre investeringsprosjekt:

Samlokalisering ambulanse, brann/redning og teknisk drift
Omsorg + byggetrinn 1 på Hauge
Bustader og aktivitetsbygg for Bu- og avlastningstenesta på Hauge

Det vil og være aktuelt å være prosjektleiar for mindre kommunale bygge- og rehabiliteringsprosjekt.
Stilliga vert administrativt lagt til sektor for Samfunnsutvikling, men skal jobbe på tvers av organisasjonen. Dialogen opp mot sektor for Helse og omsorg vert viktig og vesentleg. Ei viktig oppgåve til stillinga vil være samarbeid, samhandling og prosessleiing.

Løn etter avtale.

Arbeidsoppgåver:

Planlegge, koordinere, informere og administrere
Følge opp kontrakter, økonomi, logistikk og fremdrift i prosjekta
Oppfølging og koordinering opp mot ulike fag, og brukarar av bygg
Samle resultater og utarbeide rapporter
Kvalitetssikre tilbodsarbeid

Prosjektkoordinator skal:

-ha ansvar for koordinering og rapportering av investeringsprosjekt i Osterøy kommune

ha ansvar for framdrift og økonomi i alle investeringsprosjekta til kommunen

-delta i prosjekteringsmøte på vegne av kommunen og samarbeide med ekstern prosjektleiar/byggeleiar knytt til kommunen sin rammeavtale.

-delta i byggefase og arrangere interne inspeksjons- og kontrollrundar der driftspersonell blir invitert med på byggeplassen (brukargruppar) – både for opplæring og for å sikre at løysingar og kvalitet er tilfredsstillande

-følgje med på at overtakingsprosessen blir gjort korrekt, både med tanke på å sikre ferdigbefaringar med fagansvarlege, dokumentasjon og opplæring kvalitetssikre innhaldet i FDVU-dokumentasjon i samråd med dei fagansvarlege og ekstern prosjektleiar/byggeleiar

-utarbeide saksframlegg i større og komplekse investeringsprosjekt og løypemeldingar til politisk etter behov

-ha fokus på økonomi, innovasjon og nye bærekraftige løysingar

-Være god på dialog mellom partar og interessentar og ha kompetanse på prosjektleiing

Kompetanse:

Du har relevant utdanning frå høgskule eller universitet tilsvarande min. bachelornivå. Gjerne arkitekt eller ingeniør.

Du har prosjektleiarkompetanse

Det er ønskeleg med minimum 3 – 5 års relevant arbeidserfaring frå liknande stilling

God skriftleg og munnleg framstillingsevne, systematisk og gode dokumentasjonsevner

God digital kompetanse

Personlege eigenskapar:

Du må vere strukturert og systematisk for å bidra til oversikt og kontroll
Du må vere effektiv og sjølvgåande for å bidra til framdrift og gjennomføringskraft
Du må ha blikk for viktige detaljar for å bidra til kvalitet i arbeidet
Du må ha gode samarbeidsevner for å fungere i team
Du må ha evne til å handtere store mengder informasjon på ein ryddig måte
Du må ha evne til å handtre fleire parallelle prosessar
Du må kunne arbeide sjølvstendig
Du må kunne vise til god evne til å samarbeide internt og eksternt
Du er god på å bygge relasjonar og kommuniserer godt
Du evner å ta gjennomtenkte avgjersler og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr:

Ein krevjande og sjølvstendig stilling med ansvar for kommunen sine investeringsprosjekt

Ein sektor om er oppteken av utvikling, nye arbeidsmetodar, kompetansebygging og eit godt arbeidsmiljø

Løn etter avtale

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Anna informasjon:

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk

Stillinga er plassert i sektor Samfunnsutvikling, og rapporterer til kommunalsjef for samfunnsutvikling

 

Send søknad

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 04.02.2022

 

Tiltreding: 01.04.2022

Arbeidsstad: Lonevåg

 

Kontaktpersonar:

Berit Karin Rystad

tlf: +47 56 19 21 00  mob: +47 906 19 328

 

Heimeside:
www.osteroy.kommune.no/innhald/helse-sosial-og-omsorg/
Adresse: Osterøytunet 3 5281 Valestrandsfossen

Osterøy kommune 

Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av dei største innlandsøyene i Nord-Europa, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på ca 8 000 innbyggjarar. Bru-/ferjesamband til nabokommunen, Bergen. Frå Lonevåg sentrum tek det ca. 45 min kjøretur til Bergen sentrum, ca 30 min til Åsane og ca. 20 min til Arna

 

Del stillingen

Selskap

Osterøy kommune

Kontaktinfo

  • Berit Karin Rystad
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 56 19 21 00 mob: +47 906 19 328

Lokasjon

  • Lonevåg

Søknadsfrist

Februar 4, 2022