Kinn - Bilde øverst

Pedagog

 

 

Ledig vikariat som kontaktlærar på 6.trinn – 100% stilling frå og med 01.01.2024 til og med 31.07.2024.

Vi søker deg som vil vere med på å gjere eit viktig arbeid for elevane på Florø barneskole.

Vi søker deg som har elevane i fokus og skaffar deg innsikt i deira behov. Du samarbeider med andre pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape kvalitet i tilbodet til alle elevane. Du er opptatt av å skape eit godt læringsmiljø for alle elevane våre. Du legg stor vekt på å skape eit inkluderande miljø der alle kjenner dei har det trygt og trivast, og lærer det dei skal. Vi jobbar strategisk for at skolen vår skal nå sine mål. Vi er ute etter deg som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking i kompetanseheving på ulikt vis.

Om du deler ambisjonane våre, vil vi gjerne ha deg med på laget vårt.

I denne stillinga blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg arbeidsmiljø, som finn dei beste løysingane saman. Vi er eit fagteam der leiarar, pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar søker etter dei beste verktøya for å gjere skolekvardagen best mogleg for elevane. Vi liker å jobbe smart og nyttar ulike digitale hjelpemiddel og system. Vi arbeider etter gode planar, jobbar strukturert og legg stor vekt på å få eit godt samarbeid med elevar og foreldra.

 

  • Søknadsfrist: 12.10.2023
  • Arbeidsgivar: Kinn kommune
  • Stad: Florø
  • Stillingstittel: Pedagog
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Vikar
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4710909210

 

Arbeidsoppgåver

Undervisning/spesialundervisning på 1.-7. steg.

 

Kvalifikasjonar

Høgskoleutdanning; grunnskolelærar 1.-10.klasse/1.-7. /5.-10. klasse med undervisningskompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk, samt praktisk estetiske fag som musikk, kunst og handverk og mat og helse er ønskeleg.

 

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som er god på klasseleiing, som har ein autoritativ vaksenstil og som er god på å bygge relasjonar. Vi er ute etter deg som jobbar strukturert og kvalitetsbevisst. Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det meste av dei beste. Vi oppfordrar menn til å søkje.

 

Vi tilbyr

  • Ein spennande kvardag saman med nokre av dei aller finaste elevane.
  • Ein stor skule med stor fagleg kompetanse.
  • Eit særdeles dyktig og inkluderande kollegium.
  • Kollegial kompetansehevingsarbeid innan Inkluderande undervisning

 

Floro primary school, Hans Blomgate, 6905 Florø, Norge

 

 

 

Søk her

 

 

Kontaktinformasjon

Heidi Humlestøl
Rektor Florø barneskole
 Telefon:+47 41534949

 

Vår visjon:

I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst – må tilsette pårekne koordinatoransvar.

Del stillingen

Selskap

Kinn kommune

Lenke til firma

https://kinn.kommune.no/

Kontaktinfo

  • Heidi Humlestøl
  • Tittel: Rektor Florø barneskole
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 41534949

Lokasjon

  • Florø

Søknadsfrist

Oktober 12, 2023