Kommunepsykolog

 

 

Om stillinga

Austrheim kommune er på leit etter deg som vil bruka eigen erfaring og kompetanse til å skapa ein betre kommune å bu i. Ein samhandlingsaktør som ser seg som ein del av ein heilskap, og som er opptatt av utvikling og kvalitet på tenesta.

Gjerne med erfaring frå spesialisthelsetenesta, og klar for å landa i kommunehelsetenesta med eit anna handlingsrom. Der folk bur, og der endringar kan skje på kort tid om vi klarer komma tidleg inn og saman klarer å gjere gode prioriteringar. Som kommunepsykolog har du ein stor grad av fagleg sjølvstende i klinisk arbeid, og fokus er å bruka din kompetanse og erfaring i å betre situasjonen for vår innbyggjarar.

Austrheim kommune og Fedje kommune har i fleire år hatt eit samarbeid om kommunepsykolog. Stillinga er organisert under avdeling psykisk helse og rus, helseeininga i Austrheim kommune. 20 % av stillinga er knytt til Fedje kommune med oppmøte ein dag i veka på Familiens hus på Fedje, der du inngår i tverrfagleg samarbeid.

 

Arbeidsoppgaver

  • Klinisk arbeid med menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar, der vi ynskjer å ha eit særleg fokus på barn og unge
  • Arbeid i team
  • Samarbeider med spesialisthelsetenesta i oppfølging av barn/voksne
  • Arbeid i team
  • Støtte og veiledning til andre fagpersonar, samt deltaking i utviklingsarbeid for samhandling og samarbeid mellom tenester
  • Delta i helsefremjande og førebyggjande arbeid

 

Kvalifikasjonskrav

  • Offentleg norsk autorisasjon som psykolog, gjerne med spesialisering.
  • Det vil vera ein fordel med relevant klinisk erfaring
  • Det vil vera ein fordel med erfaring eller særskilt interesse for arbeid med barn og unge
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og veiledning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest jfr. helse- og omsorgstjenestelova § 5-4 må leggjast fram før tiltreding i stillinga

 

Personlige egenskaper

  • Evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • Evne til å jobbe målretta og sjølvstendig, samt trivest med å jobbe i eit fleirfagleg team
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik med fokus på utvikling av tenesta
  • Være fagleg trygg og ha evne til å reflektere rundt ein psykolog si rolle i en kommunal kontekst
  • Fleksibel, nysgjerrig og evne til å jobbe kreativt
  • Fagleg engasjert, strukturert og har god arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lovar, regler og avtaleverk
  • Løn etter avtale
  • Veiledning i gruppe
  • God pensjonsordning, KLP
  • Austrheim-modellen– ein modell for rekruttering
  • Mogelegheit for spesialisering

Det er dialog mellom kommunane Masfjorden, Gulen, Austrheim, Fedje og Modalen om eit utvida samarbeid kring psykologtenesta. Eit større fagfellesskap er ein viktig faktor, samt at ein får tilrettelagt for fagleg rettleiing. Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik, der det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom ei felles satsing på Fag- og tenesteutvikling, ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset.

I samarbeid med andre kommunar i regionen og spesialisthelsetenesta er det starta eit arbeid med utvikling av ein modell for kommunepsykologar i spesialisering (KOMPIS).

 

Om oss

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.

Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn!

 

Spørsmål om stillinga

Kristine Fanebust
Fagleiar psykisk helse og rus
90090954
[email protected]

Grethe Korsøen
Einingsleiar helse
47460982
[email protected]

 

 

Søk stillinga

 

 

  • Søknadsfrist: 15. mars 2024
  • Arbeidsgivar: Austrheim kommune
  • Kommune: Austrheim
  • Omfang: Heiltid
  • Varigheit: Fast
  • Arbeidsstad: Sætremarka 2, 5943 Austrheim

Del stillingen

Selskap

Austrheim kommune

Kontaktinfo

  • Grethe Korsøen
  • Tittel: Einingsleiar helse
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +4747460982
  • Kristine Fanebust
  • Tittel: Fagleiar psykisk helse og rus
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +4790090954

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

Mars 15, 2024