IMG_9013

Kommunepsykolog

 

 

  • Søknadsfrist: 14.08.2023
  • Arbeidsgivar: Austrheim kommune
  • Stad: Austrheim
  • Stillingstittel: Kommunepsykolog
  • Stillingar: 1
  • Heiltid/Deltid: Heiltid
  • Tilsetjingsform: Fast
  • Stillingsprosent: 100
  • Webcruiter-ID: 4679183637

 

Arbeidsoppgåver

Austrheim kommune er på leit etter deg som vil bruka eigen erfaring og kompetanse til å skapa ein betre kommune saman med andre. Ein samhandlingsaktør som ser seg som ein del av ein heilskap, og som er opptatt av utvikling og kvalitet på tenesta.
Gjerne med erfaring frå spesialisthelsetenesta, og klar for å landa i kommunehelsetenesta med eit anna handlingsrom. Der folk leve og bur, og der endringar kan skje på kort tid om vi klarer komma tidleg inn og saman klarer gode prioriteringar.

 

Om stillinga:

Austrheim kommune og Fedje kommune har i fleire år hatt eit vertskommunesamarbeid om kommunepsykolog. Stillinga er organisert under psykisk helse og rus, helseeininga i Austrheim kommune.

Det er dialog mellom kommunane Masfjorden, Gulen, Austrheim, Fedje og Modalen om eit utvida samarbeid kring psykologtenesta. Eit større fagfellesskap er ein viktig faktor, samt at ein får tilrettelagt for fagleg rettleiing.

Alle kommunane i Region Nordhordland er medeigar i Helsehuset i Knarvik, der det pågår eit samarbeid for eit breitt og fagleg fellesskap gjennom ei felles satsing på
Fag- og tenesteutvikling, ute i kommunane og i dei tilrettelagte møtearenaene i Helsehuset.
I samarbeid med andre kommunar i regionen og spesialisthelsetenesta er det starta eit arbeid med utvikling av ein modell for kommunepsykologar i spesialisering (KOMPIS).

 

Arbeidsoppgåver:

  • Arbeid med menneske i alle aldrar og i ulike livssituasjonar, med barn og unge som hovudprioritet
  • Klinisk arbeid
  • Arbeid i team
  • Støtte og veiledning til andre fagpersonar, samt deltaking i utviklingsarbeid for samhandling og samarbeid mellom tenester
  • Delta i helsefremjande og førebyggjande arbeid

 

Kvalifikasjonar

  • Offentleg norsk autorisasjon som psykolog, gjerne med spesialisering.
  • Det vil vera ein fordel med relevant klinisk erfaring
  • Det vil vera ein fordel med erfaring eller særskilt interesse for arbeid med barn og unge
  • Erfaring med tverrfagleg samarbeid og veiledning
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å sjå heilskap og samanhengar
  • Evne til å jobbe målretta og sjølvstendig, samt trivest med å jobbe i eit fleirfagleg team
  • Gode samarbeidsevner og kommunikasjonsevner
  • Initiativrik med fokus på utvikling av tenesta
  • Være fagleg trygg og ha evne til å reflektere rundt ein psykolog si rolle i en kommunal kontekst
  • Fleksibel, nysgjerrig og evne til å jobbe kreativt
  • Fagleg engasjert, strukturert og har god arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Arbeidsvilkår etter gjeldande lovar, regler og avtaleverk
  • Løn etter avtale
  • Veiledning i gruppe
  • God pensjonsordning, KLP
  • Austrheim-modellen– ein modell for rekruttering
  • Mogelegheit for spesialisering

 

Sætremarka 2, 5943 Austrheim, Norge

 

 

Søk her

 

Kontaktinformasjon

Grethe Korsøen
Einingsleiar helse
 Telefon:+4747460982
E-post:[email protected]

Kristine Fanebust
Fagleiar psykisk helse og rus
 Telefon:+4790090954
E-post:[email protected]

 

Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim – både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her. Austrheim inviterer deg til opne landskap – med eit ope sinn!

Del stillingen

Selskap

Austrheim kommune

Kontaktinfo

  • Grethe Korsøen
  • Tittel: Einingsleiar helse
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +4747460982
  • Kristine Fanebust
  • Tittel: Fagleiar psykisk helse og rus
  • E-Post: [email protected]
  • Mobil/Tlf: +4790090954

Lokasjon

  • Austrheim

Søknadsfrist

August 14, 2023