Båt

 

Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift – andre utlysning

 

 

Kviteseid står framfor viktige utviklingsprosjekt innan bustad, næring, infrastruktur og klima. Vi søkjer ein kommunalsjef som kombinerer fagleg tyngde med evne til å skape framdrift og samarbeid på tvers — ein som vil setje spor.

Som kommunalsjef for samfunnsutvikling og teknisk drift blir du ein del av kommunedirektøren si toppleiargruppe. Du får det overordna ansvaret for fagområda kommunalteknikk, VAR, eigedom, brann og beredskap. Dette er ei nøkkelrolle for den vidare utviklinga av heile Kviteseid-samfunnet.

 

 

Søknadsfrist: 29.11.2026
Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Stad: KVITESEID
Stillingstittel: Kommunalsjef samfunnsutvikling og teknisk drift – andre utlysning
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5209075390

 

 

Arbeidsoppgåver

  • Overordna ansvar for planlegging, økonomistyring og resultatvurdering av fagområda kommunalteknikk, VAR, eigedom, brann og beredskap
  • Medverke til aktiv framdrift i gjennomføring av kommunen sine planaktivitetar
  • Aktiv bidragsytar i kommunedirektøren si leiargruppe
  • Kommunens beredskapskoordinator, ansvar for beredskapsarbeid og planverk
  • Ansvar for kommunens klimaarbeid og miljøsertifisering

 

 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant bachelorgrad eller tilsvarande grad innan ingeniørfag, tekniske fag, arealplanlegging, samfunnsplanlegging eller andre relevante fagområde
  • Solid leiarerfaring
  • God kjennskap til politisk og offentleg forvalting
  • Erfaring med å skrive og leggje fram saker for politisk leiing (nynorsk er kommunens administrasjonsspråk)
  • Erfaring med ulike samfunnsaktørar sine interesser i planprosessar

 

 

Det er ein fordel om du også har:

  • Mastergrad, leiarutdanning eller annan relevant vidareutdanning
  • Kompetanse om fornybar energi, ENØK og berekraftig utvikling
  • Erfaring frå interkommunalt samarbeid
  • Erfaring med digitalisering og bruk av teknologi for å styrkje tenestekvalitet og effektiv drift
  • Kjennskap til kommunale fagsystem

Om realkompetanse: Særleg relevant realkompetanse og omfattande erfaring kan i særskilte tilfelle kompensere for delar av det formelle utdanningskravet. Kandidatar som gjer krav på realkompetansevurdering må dokumentere dette i søknaden.

 

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein trygg, tydeleg og inkluderande leiar. Du:

  • Er strategisk og heilskapleg — du ser samanhengane mellom fag, økonomi og samfunnsoppdrag
  • Har stor gjennomføringskraft og evne til å prioritere i ein hektisk kvardag
  • Byggjer tillit og gode relasjonar — på tvers av fag, politikk, næringsliv og lokalsamfunn
  • Trivs med ansvar, er beslutningsdyktig og har høg integritet
  • Er ein dyktig kommunikatør som involverer og skapar lagånd
  • Bidreg med engasjement og godt humør til arbeidsmiljøet
  • Personlege eigenskapar blir tillagt avgjerande vekt ved tilsetjing.

 

 

Vi tilbyr

  • Ei sentral toppleiarrolle med stor påverknad på utviklinga av heile Kviteseid-samfunnet
  • Ein plass i eit utviklingsorientert leiarteam med korte avstandar frå idé til handling
  • Dyktige og engasjerte kollegaer med godt humør og ein dose humor
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Hjelp til å finne bustad i ei av Noregs vakraste kommunar
  • Konkurransedyktige lønnsvilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar (KLP)

 

 

Kviteseidgata 13, 3850 KVITESEID, Norge

 

 

 

 

Søk her

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Tarjei Gjelstad
Kommunalsjef Tekniske tenesterr/Uteavdeling/Kviteseid brannvesen
Telefon:95241315

Snorre Halvor Djupedal
HR leiar
Telefon:+47 481 78 566
LinkedIn-profil

 

 

Kviteseid kommune ligg i Vest-Telemark, har omlag 2.500 innbyggjarar. Vi har golfbane som er kåret til beste golfbane i Norge i Golfamore Awards 2025, basert på rangering frå medlemmane. Vi har også alpinanlegg og utandørs klatrevegg. Vi har vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert og Kviteseid er kommunesenteret, som ligg midt i kommunen. Det er kort veg til aust, vest og Sørlandet. Klimaet er fint året rundt.

Del stillingen

Selskap

Kviteseid kommune

Kontaktinfo

  • Tarjei Gjelstad
  • Tittel: Kommunalsjef Tekniske tenesterr/Uteavdeling/Kviteseid brannvesen
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 952 41 315
  • Snorre Halvor Djupedal
  • Tittel: HR leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: +47 481 78 566

Lokasjon

  • Kviteseid

Søknadsfrist

November 29, 2026