Hyllestad kommune Kultur og oppvekst

Kommunalsjef oppvekst og kultur

 

Hyllestad kommune har ledig fast 100 % stilling som kommunalsjef for oppvekst og kultur, oppstart etter avtale.

Har du ein indre motivasjon for å leie arbeidet innan oppvekst og kultur? I så fall kan du vere rette personen for oss. Vi søkjer etter ein engasjert kommunalsjef til å vidareutvikle gode tenester og såleis bidra til eit godt og trygt oppvekstmiljø for barn og unge i Hyllestad.

Kommunalsjefen er med i kommunedirektøren si leiargruppe og skal bidra i kommunen sitt overordna strategiske arbeid.

Arbeidsoppgåver

Som kommunalsjef har du eit overordna:

  • fagleg ansvar for opplæring i barnehage, grunnskule, kulturskule og vaksenopplæring.
  • leiaransvar for kultur og idrett
  • ansvar for PPT (Fjaler er vertskommune)
  • ansvar for strategisk utviklingsarbeid og endringsprosessar
  • ansvar for å delta og legge til rette for samarbeid både i kommunen og i nettverk med andre kommunar
  • økonomiansvar for området, samt direkte økonomi- og personalansvar innanfor kultur, idrett og frivillig arbeid
  • sakshandsaming til politisk organ innan fagområdet
  • ansvar for oppfølging av ungdomsrådet

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning frå høgskule/universitet
  • Skulefagleg kompetanse
  • Brei leiarerfaring
  • God til å bygge relasjonar mellom menneske
  • God kjennskap til fagområda og evne til å initiere/gjennomføre utviklingsprosessar
  • God kjennskap til Opplæringslova/anna relevant lovverk
  • God skriftleg, munnleg og digital kompetanse. Kommunen nyttar nynorsk som målform.

Personlege eigenskapar og verdiar

Vi søkjer deg som er strukturert, likar å finne løysningar og som samarbeider godt med andre. Du bidreg til å skape eit godt arbeidsmiljø ved å motivere og skape trivsel. Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering, er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet- og som vi også ser etter hjå deg i utøvinga av stillinga som kommunalsjef. Verdiar og personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

Vi kan tilby

  • Moglegheit til å utvikle kommunen vidare i eit godt samspel mellom politikk og administrasjon
  • Moglegheit til å vidareutvikle eigen kompetanse
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn og tilsetting etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP, det vert trekt 2 % av løna til pensjon
  • Gode velferdsordningar (gratis treningsabonnement i Hyllestadhallen)
  • Bustadtilskot til førstegangsetablerara i kommunen

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Vi oppmodar alle som er kvalifisert, til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.

 

Velkomen som søkjar!

 

Søk på stillinga her.

 

Referansenr: 204228499

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 10.06.2023

 

Arbeidsstad: Hyllestad

Kontaktpersonar:

Elin Garnes Solås, HR-leiar
tlf: +47 57789504  mob: +47 90507908

Gjermund Flage, kommunedirektør
tlf: +47 57789546  mob: +47 93218780

 

Heimeside:
http://www.hyllestad.kommune.no

Hyllestad kommune

Hyllestad kommune ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden. Til Bergen brukar vi ca 2 timar med båt i sørleg retning, og det tek ca 1 time med bil nordover til Førde. Kommunen har i underkant av 1.300 innbyggjarar. Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode kår for jakt og fiske. I Hyllestad er det moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar.

Hyllestad kommune er kjend for sin omfattande produksjon av kverstein, ein produksjon som truleg har foregått i meir enn tusen år. Industri, landbruk og sjøbruk har vore grunnlaget for den største sysselsettinga i kommunen.

I Hyllestad er det rom for fleire, kanskje akkurat deg? Sjekk ut hyllestad.info

 

Del stillingen

Selskap

Hyllestad kommune

Lenke til firma

Kontaktinfo

  • Elin Garnes Solås
  • Tittel: HR-leiar
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57789504 mob: +47 90507908
  • Gjermund Flage
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 57789546 mob: +47 93218780

Lokasjon

  • Hyllestad

Søknadsfrist

Juni 10, 2023