Kommunalsjef helse og omsorg
Helse- og omsorgsetaten, Administrasjon helse- og omsorgVi søkjer deg som er ein strategisk og samlande toppleiar, som vil vere med å styrke og vidareutvikle Ulstein kommune saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som medlem i kommunedirektøren si leiargruppe, vil du ha medansvar for samla drift og utvikling av heile organisasjonen i Ulstein kommune.
Helse og omsorgsetaten i Ulstein leverer gode tenester og har ved fleire høve plassert seg høgt på nasjonale målingar. Vi søker ein toppleiar som har dei same ambisjonane.
Søknadsfrist: 15.01.2023
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetaten
Stad: Ulsteinvik
Stillingstittel: Kommunalsjef helse og omsorg
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4592347849
Arbeidsoppgåver
Vi tilbyr ei spanande og utfordrande stilling, med stort ansvar og mynde. Du er oppteken av at vi skal levere tenester av god kvalitet innanfor vedtekne budsjettrammer. Dette løyser du på ein måte som gjer at våre tilsette opplever meistring gjennom bruk av eigen kompetanse, motivasjon og involvering. Kommunalsjefen har det overordna fag-, personal- og økonomiansvaret for sektoren. Du har også ansvar for saksførebuing til politisk nivå og å følge opp politiske vedtak.
Ulstein kommune har tilsette med høg kompetanse og vi opplever god rekruttering. For å oppretthalde denne situasjonen er du oppteken av heiltidskultur og kompetansebygging. Det er viktig å arbeide aktivt for å ivareta og vidareutvikle dette.
Som kormmunalsjef evnar du å leie ein organisasjon og sektor som stadig er i endring. Du er ein samlande, inkuderande og samhandlande leiar med gjennomføringskraft.
Som kommunalsjef er det forventa at du har eit heilskapsfokus på arbeidet og tek aktivt del i overordna kommunal planlegging og lokalsamfunnsutvikling. Du har eit aktivt forhold til samarbeid mellom kommunale og interkommunale einingar for å løyse dei utfordringane som ligg framfor oss.
Kvalifikasjonar
- Du må ha relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad og vidareutdanning innan leiing
- Kunnskap om relevant lovverk og forskrifter knytt til sektoren sine ansvarsområde
- Kunnskap om budsjett og kostnadsstyring, primært innan offentleg verksemd
- Minimum 3 år relevant leiarerfaring, der du har hatt sjølvstendig ansvar for fag, personal og økonomi
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne i tillegg til relevant digital kompetanse
- Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk
Personlege eigenskapar
Vi ønsker at du:
- er ein sterk og tydeleg leiar som evnar å gjennomføre endringar med fokus på god tenestekvalitet til innbyggarane gjennom samla innsats
- skaper engasjement, er løysingsorientert og fleksibel
- medverkar til eit godt partssamarbeid
- har høg arbeidskapasitet, evnar å arbeide sjølvstendig og å prioritere
- har god formidlingsevne, også når problemstillingane er komplekse
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- Godt arbeidsmiljø
- Deltaking i intern leiarutvikling
- Deltaking i interkommunalt nettverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Stillinga er plassert i HTA kap.3.4.1 Leiar Stillingskode: 9440 Kommunalsjef
Tilsetting samsvar med gjeldande lov-,forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Søkarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar. Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og det kan vere aktuelt å gjennomføre delar av intervjuprosessen som gruppeintervju. Søkarane som vert kalla inn må legge fram rettkjend dokumentasjon av vitnemål og attestar. Det kan verte aktuelt å krevje politiattest før tiltreding.
Sjukeheimsvegen 18, 6065 Ulsteinvik, Norge
Kontaktinformasjon
Verner Larsen, Kommunedirektør
982 30 601
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.