Kommunalsjef helse og omsorg

 

Herøy kommune

Vi søkjer etter ein tydeleg og strategisk leiar som vil vidareutvikle tenestene våre i ei tid med spennande prosjekt og utsikter til endring. Sentralt i utvikling av sektoren står mellom anna Helseplattformen, velferdsteknologi, barneverns- og oppvekstreformen, utvikling av legetenestene, berekraftige tenester og heiltidskultur.

Helse og omsorg er den største sektoren i Herøy kommune, og består av avdelingane pleie og omsorg, bu og habilitering, barn, familie, helse-avdelinga, samt tenestekoordinering som er staben til kommunalsjefen. Til saman har vi om lag 350 tilsette.

Som kommunalsjef er du ein del av kommunedirektøren si strategiske leiargruppe. Du får høve til å utvikle sektoren og det heilskaplege tenestetilbodet for innbyggjarane gjennom heile livsløpet.

Herøy kommune er open og inkluderande, med ønskje om eit mangfald blant leiarane våre. Vi oppmodar menn om å søkje.

Søknadsfrist: 12.08.2022
Arbeidsgivar: Herøy kommune
Stad: Fosnavåg
Stillingstittel: Kommunalsjef helse og omsorg
Stillingar: 1
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4541745987

Arbeidsoppgåver

Leie og utvikle sektoren og tenestene på strategisk nivå
Kommunisere klare mål og forventningar til leiarar og medarbeidarar
Planleggje, drifte og styre sektoren innanfor økonomiske rammer
Motivere til og utvikle berekraftige og effektive tenester
Kvalitetsforbetring og internkontroll
Medverke til trivsel og utvikling på arbeidsplassen
Budsjett, økonomi og personalansvar
Samarbeid på tvers av sektorar og mellom dei sju kommunane på Søre Sunnmøre
Representere kommunen i fylkeskommunale og statlege organ i helse og omsorg
Representere kommunedirektøren i politiske utval

Kvalifikasjonar

Relevant utdanning på masternivå eller tilsvarande, og leiarutdanning som ein del av, eller i tillegg til dette
Leiarerfaring på høgare nivå og gjerne erfaring frå endringsleiing
God økonomiforståing, erfaring med økonomistyring og budsjett
God IKT-kompetanse og innsikt i digitalisering
God forståing av samspel mellom politikk og administrasjon
God til å kommunisere, skriftleg og munnleg
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Personlege eigenskapar

Du har god organisasjonsforståing og kan tenkje heilskapleg
Du er strategisk og målretta, samtidig som du ser detaljar
Du er ein samlande leiar som er god til å byggje tillit
Du er ikkje redd for å gjere endringar og ønskjer å oppnå gode resultat
Du er trygg, lyttande og har god gjennomføringsevne
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing

Vi tilbyr

Ein spennande og utviklande jobb i eit godt fagmiljø
Høve til å vere med å forme og utvikle sektoren og kommunen
God forsikrings- og pensjonsordning
Konkurransedyktig løn og arbeidsvilkår
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.

 

Søk på stillinga her.

 

Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg, Norge

Kontaktinformasjon

Trond Arne Aglen
Kommunedirektør
93267684

 

Herøy kommune i Møre og Romsdal er perla yst i storhavet på Sunnmøre. Det er ein og ein halv time reisetid til Ålesund og under ein time til Ørsta-Volda lufthamn. Kommunen har nesten 9000 innbyggjarar, og om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen. Næringslivet står sterkt i Herøy med lange tradisjonar for å skape verdiar frå hav og fiske. Ei båtlengd føre er kommunen sin visjon, og kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. Vi har eit breitt kultur-, fritid-og idrettstilbod med festivalar og arrangement for alle. Naturen og kysten vår er vakker, og Runde med det mektige fuglefjellet er den store stoltheita vår!

 

Del stillingen

Selskap

Herøy kommune

Kontaktinfo

  • Trond Arne Aglen
  • Tittel: Kommunedirektør
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 932 67 684

Lokasjon

  • Herøy

Søknadsfrist

August 12, 2022