Kommunalsjef plan og teknikk – 100 % fast

 

 

Dei overordna satsingsområda for Fyresdal kommune er bulyst og næringsutvikling. Vekst og vilje bind desse to satsingsområda saman og skal gje gjennomføringskraft i alt som skjer i Fyresdal. Fyresdal kommune er ein kommune med vilje til å prøve, vilje til å endre, vilje til å utvikle, vilje til å prioritere, og vilje til å skape eit levande bygdesamfunn. Denne viljen skapar den veksten bygdesamfunnet har behov for.

Fyresdal kommune søker kommunalsjef for sektor for plan og teknikk. Stillinga er 100 % fast og ledig frå snarast. 

Som kommunalsjef vil du representere sektoren i kommunedirektørens tverrfaglege leiargruppe, som består av tre kommunalsjefar, økonomisjef og kommunedirektør. 

Fyresdal kommune er ein utviklingsorientert kommune kor det skjer mykje innanfor sektor for plan og teknikk. Nytt industriområde er etablert og det jobbast aktivt med nyetableringar. Reguleringsplan for nytt bustadområde er nyleg gjort, og du vil få ei sentral rolle i realisering av dette området. I tillegg skal vi i 2024 starte arbeidet med rullering av kommuneplanens arealdel. Med andre ord – det manglar ikkje på spennande utfordringar.

I sektor for plan og teknikk er det to avdelingar og ein stab. Du blir ansvarleg for ei reinhaldsavdeling og ei avdeling for teknisk drift. I staben er det funksjonar for jordbruk, skogbruk, oppmåling, planarbeid og byggesaksbehandling. 

Beredskap og brann ligg også til kommunalsjef plan og teknikk.

Som leiar for sektoren må du rekne med å måtte arbeide med enkeltsaker.

 

Vi ynskjer ein person med fylgjande kompetanse:

  • Minimum 3-årig høgskule- eller universitetsutdanning med ingeniørkompetanse eller kompetanse innan samfunnsplanlegging
  • Erfaring frå leiing av fagpersonar med høg fagleg kompetanse
  • Erfaring frå samarbeid med privat sektor
  • Erfaring frå forvaltning av lovverk og skjønnsmessige vurderingar
  • Erfaring frå arbeid med kommuneplanar og reguleringsplanar
  • Erfaring frå arbeid med byggeprosjekt

 

Vi ser etter ein person med fylgjande eigenskapar:

  • Nytenkande og utviklingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og handlekraftig
  • Gode kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg
  • Trygg, lyttande og tydeleg
  • Evne til å ta avgjerder
  • Gode digitale ferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

 

Vi tilbyr:

  • Ei spennande og krevjande leiarstilling
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale

 

Kontaktpersonar ved spørsmål:

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til kommunedirektør Ulf Pedersen på 48 27 53 15 eller [email protected]

 

Søknadsfrist:

Søknadsfrist for stillinga er 06.12.2023.

 

 

Søk her

 

 

Velkomen som søkar!

Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.

Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.

Del stillingen

Selskap

Fyresdal kommune

Kontaktinfo

Lokasjon

  • Fyresdal

Søknadsfrist

Desember 6, 2023