Kommunalsjef for plan, næring og kultur
100% fast stilling som kommunalsjef for plan, næring og kultur
Søknadsfrist: 31. juli 2023.
Vi har ledig ei spanande og utfordrande leiarstilling i Tokke kommune – er dette noko for deg?
Stillinga som kommunalsjef er fast, med ynskje om oppstart så snarleg som mogeleg.
Plan og næringssjefen sine ansvarsområde er plan, landbruksforvaltning, næringsutvikling, kultur og reiseliv.
Som kommunalsjef for plan, næring og kultur vil du vere ein av fire kommunalsjefar som inngår i kommunedirektøren si faste leiargruppe, saman med NAV-leiar, økonomisjef og organisasjonssjef.
Vi ser etter deg som har god kompetanse, tek ansvar og ynskjer å bidra til ei sterk lagånd. Saman med dine kollegaer i kommunedirektøren si leiargruppe ser du stadig etter nye moglegheiter, og er ein aktiv pådrivar i utviklinga av både kommunen sine tenester og kommunen som organisasjon. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Arbeidsoppgåver:
Overordna administrativt, fagleg og økonomisk ansvar, samt personalansvar for tilsette plan, næring og kultur.
Ansvarsområde
- Plan og utviklingsarbeid
- Næringsutvikling
- Landbruksforvaltning
- Byggesak og oppmåling
- Reiseliv og turisme
- Kultur og idrett
- Andre fagområde kan bli lagt til ansvarsområdet
Kommunalsjefen rapporterer til kommunedirektøren.
Kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå
- Erfaring og kompetanse frå eit eller fleire av dei aktuelle ansvarsområda er ein fordel
- Leiarerfaring er ynskjeleg
- Erfaring frå økonomioppfølging og prosjektleiing vil vere ei styrke
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Vere engasjert, vise evne til å setje klare mål, ta initiativ og gjennomføre, vere fleksibel.
- Utøve eit godt leiarskap og medarbeidarskap
- Positiv og serviceinnstilt, gode samarbeidsevner
- Nøyaktig og flink til å kommunisere både munnleg og skriftleg
- Førarkort kl. B
Vi tilbyr:
- Interessante og varierte arbeidsoppgåver
- Hyggelege kollegaer og ein god arbeidsplass
- Opplæring og kompetanseoppbbygging
- Fleksible arbeidstid, gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Lønn etter avtale
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av befolkninga generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn. Me legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket er nynorsk.
Ved spørsmål om stillinga, ta kontakt med kommunedirektør, Finn Arne Askje, tlf. 95 07 66 37, eller finn.arne.askje@tokke.kommune.no
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.