Ledig stilling som kokk – 100% fast stilling
Kjøkkenet ved Askvollheimen har ledig 100% fast stilling som kokk frå 01.05.20. Ny stilling er knytt til vedtak om endring frå kok/kjøl til kok/server
Arbeidsoppgåver:
Produksjon av varm og kald mat
Menyplanlegging
Bestilling/ta imot varer
Oppvask/reinhald av kjøkken, samt førefallende arbeid på kjøkken
Arbeide for eit godt mattilbod for pasientane
Arbeide i tråd med lovpålagte kvalitetsstandardar
Kjøkken nyttar Aivo som planleggingsverkty, og naudsynt opplæring vil bli gjeve
Er medansvarleg for at den totale pleie- og omsorgstenesta vert utøvd i tråd med Askvoll kommune og etaten sine visjonar og mål
Kvalifikasjonar:
Fagbrev som kokk
Erfaring frå arbeid som institusjonskokk er ein fordel
Dersom det ikkje melder seg kvalifiserte søkjarar, kan andre med relevant praksis søkje og bli mellombels tilsett
Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar:
Fagleg interessert
Nøyaktig, ansvarsbevisst
Arbeide systematisk i eit hektisk miljø
Lojal og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Du må både kunne arbeide sjølvstendig og saman med andre yrkesgrupper og med pårørande
Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise hensyn og respekt.
Personlege eigenskapar og fleksibilitet vert vektlagd ved tilsetjing
Vi tilbyr:
Garantiløn for fagarbeidarar, alle fagarbeidarar får kr 10 000,- i tillegg til garantiløn
Pensjonsordning i KLP
Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
Fylke: Vestland
Jobbtype: Fast Heiltid/Deltid: Heiltid Arbeidstid: Dag
Søknadsfrist: 15.02.2020
Tiltreding: 01.05.2020
Arbeidsstad: Askvollheimen
Kontaktpersonar:
Brita Heggland
mob: +47 95925165
Sara Osland
tlf: +47 57734512
Heimeside:
www.askvoll.kommune.no
Adresse: Askvollhimen 6980 Askvoll
Askvoll kommune
Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har over 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.