Lærarstillingar på Elektro og Teknologi- og Industrifag (TIF)

 

Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg til rette for læring og vekst for alle våre 860 elevar. No treng vi lærarar på elektro og teknologi og industrifag (TIF).

TIF er det største yrkesfaglege programområdet ved skulen, og elektro får ein ny klasse med automasjon på vg2 frå hausten. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet som sikrar at alle våre elevar får læreplass etter fullført vg2!

 

Søknadsfrist: 22.03.2026
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stillingstittel: Faglærar
Stillingar: 2
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 5080657003
Startdato: 01.08.2026

 

Arbeidsoppgåver

Vi har ledig faste undervisningsstillinger i elektrofag og i teknologi og industrifag. Stillingane er ledig frå 1. august 2026 

 

  • 100% fast stilling med undervisning i programområde Elektro og datateknologi  
  • 100% fast stilling med undervisning i programområde Teknologi- og industrifag (TIF) 

Det kan bli aktuelt med kontaktlærarfunksjon i tillegg til undervisning

  • Planleggja, gjennomføra undervisning i klasserom og på verkstad
  • Gjennomføre undervisning i tråd med læreplanar i faga
  • Vurderingsarbeid
  • Samarbeid med kollegaer i profesjonsfellesskap, og medvirke til pedagogisk utviklingsarbeid ved avdelinga og skulen.
  • Tett samarbeid med nærlingslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet.

Sjå desse korte filmsnuttane med elevar på elektro og TIF for å bli litt meir kjent med oss:

Elektro:  film elektro

TIF: film TIF

 

Kvalifikasjonar

For stillingane er det krav om minimum fagbrev og yrkespraksis i fag som er relevant for programområdet.

Det er i tillegg ønskeleg med:

  • Fagskule og utdanning som kvalifiserer for tilsetjing som lærar
  • Det vil bli lagt vekt på utdanning/erfaring som kan tilføre avdelinga viktig kompetanse, t.d. automatisering, robotisering og maskinering?
  • Undervisningserfaring og arbeid med ungdom
  • Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne

Om det ikkje melder seg søkjarar med både relevant undervisningskompetanse og pedagogisk utdanning kan andre søkjarar bli vurdert.

 

Personlege eigenskapar

 

  • Du er inkluderande og oppteken av verdien av mangfald. Likar å arbeide med ungdom og oppteke av deira utvikling og læring
  • Du har god pedagogisk forståing. Kan utøve tydeleg klasseleiing og vere ein tydeleg vaksen
  • Du er engasjert og positiv, og legg til rett for variert undervisning.
  • Du tek initiativ til samarbeid og er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
  • Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
  • Fleksibel og løysingsorientert

Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.

Du som skal tilsettast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.

 

Vi tilbyr

  • Eit aktivt og stimulerande fagmiljø.
  • Gode høve til eiga læring og utvikling, tett kollegasamarbeid
  • Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
  • Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
  • Mentorordning for deg som er ny i skulen

 

 

 

Søk her

 

 

 

Kontaktinformasjon

Ulrik Schütz
rektor
 Telefon:90604879

Rune Nesse
avdelingsleiar
 Telefon:95155288
E-post:[email protected]

 

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Del stillingen

Selskap

Vestland fylkeskommune

Kontaktinfo

  • Ulrik Schütz
  • Tittel: Rektor
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: 906 04 879

Lokasjon

  • Isdalstø

Søknadsfrist

Mars 22, 2026