Faglærer elektrofag
Likar du å jobbe med ungdom, og er du oppteken av kunnskap og kompetanse?
Trivst du i eit tverrfaglig opplæringsmiljø?
Då vil vi gjerne høyre frå deg!
Knarvik vidaregåande skule søkjer lærar til avdeling for Elektrofag.
Skulen har 170 tilsette som kvar dag legg til rette for læring og vekst for alle våre 860 elevar.
Under paraplyen elektrofag har vi også TAF/YSK utdanningen som skal lede frem til Produksjonselektronikerfaget, Automatiseringsfaget, Låsesmedfaget og Tavlemontørfaget
Søknadsfrist: 17.10.2024
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Isdalstø
Stillingstittel: Faglærer elektrofag
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4866905183
Arbeidsoppgåver
- Faglærar elektrofag og automatiseringsfag
- Planlegging og gjennomføring av undervisning på videregåande vg1 elektro og datateknologi og vg2 (vg3) automatisering i klasserom og på verkstad.
- Gjennomføre undervisning i tråd med læreplanar i faga
- Vurderingsarbeid
- Tverrfaglig arbeid og medvirke til pedagogisk utviklingsarbeid ved avdelinga.
- Tett samarbeid med nærlingslivet for å skape gode opplæringsarenaer for elevane og trygg overgang til arbeidslivet.
- Kontaklærarfunksjon kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med utdanning som fagskule- eller høgskuleingeniør
- Ønskeleg med fagbrev innan relevante fag (elektriker, automatiker o.l.)
- Ønskeleg med formell pedagogisk kompetanse
- Vi ser gjerne at du har allsidig relevant erfaring
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med ungdom og oppteke av deira utvikling og læring
- Kan utøve tydeleg klasseleiing og vere ein tydeleg vaksen
- God gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner
- Evne til å jobbe tverrfagleg
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Spennande jobb med kjekke elevar og gode kollegaer
- Utfordrande oppgåver i eit utviklande arbeidsmiljø
- Tett kollegasamarbeid
- Tilrettelegging for vidareutdanning og pedagogisk utdanning
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest
- Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- For stillinga gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
Juvikstølen 9, 5916 Isdalstø, Norge
Kontaktinformasjon
Geir Rydland
rektor
Telefon:41458767
E-post:Geir.Rydland@vlfk.no
Rune Nesse
avdelingsleiar
Telefon:95155288
E-post:Rune.Nesse@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.