Knarvik vidaregåande skule, Vestland fylkeskommune
Lærar Elektro og datateknologi vg1 og vg2 Elenergi og ekom (2. gongs utlysing)
Knarvik vidaregåande skule ligg sentralt plassert i regionsenteret i Nordhordland. Skulen tilbyr utdanningsprogram for studiespeisialisering samt påbygg. Innan yrkesfag tilbyr skulen fem utdanningsprogram i tett samarbeid med næringslivet. Innan fire av desse har vi 4-årig TAF utdanning. Innan tre av områda har vi tilrettelagt opplæringsløp. Skulen har 160 tilsette som kvar dag legg tilrette for læring og vekst for alle våre 900 elevar.
Frå 1. august har vi ledig to stillingar. Ei fast stilling og eit årsvikariat.
Arbeidsoppgåver
Stillingane kan innebera undervisning i praksis og teori på alle trinn. VG1 Elektro og datateknologi og VG2 Elenergi og ekom
Utarbeide dokumentasjon og planar for undervisninga.
Oppfølging, vurdering og rettleiing av elevar
Opplæringa vil gå føre seg i ein kombinasjon av praksis/teori
Kontaktlærar for ei klasse
Digital undervisning når situasjonen krev det
Kvalifikasjonar
Fagbrev som elektrikar og praksis innan faget er ønskeleg
Fagbrev og praksis innan eit eller fleire av elektrofaga kan og vere aktuelt
Høgare utdanning innan elektrofag
Gode tekniske og faglege ferdigheiter, brei erfaring frå installasjonsarbeid
Røynsle frå undervisning innan elektrofaga er ønskjeleg
Kompetanse innan IT og relevant programvare
God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse. Dersom du manglar denne, må dette gjennomførast i etterkant av tilsetting.
Personlege eigenskapar
Du har gode samarbeidsevne
Du har evne til å skape tillit og ha god relasjon med elevar
Du er løysingsorientert, sjølvstendig og strukturert
Det vert lagt vekt på personlege føresetnadar
Vi tilbyr
Løn etter tariff
Fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Det er eit vilkår om godkjend politiattest for å bli tilsett i vidaregåande skule.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25,2. ledd kan opplysningar om søkjar bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til avdelingsleiar Rune Nesse tlf. 95155288
Søknadsfrist: 01.07.2021
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Stad: Isdalstø
Stillingstittel: Lærar Elektro og datateknologi vg1 og vg2 Elenergi og ekom (2. gongs utlysing)
Stillingar: 2
Heiltid / Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Vikar, Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4405380633
Kvernhusmyrane 2, 5914 Isdalstø, Norge
Kontaktinformasjon
Rune Nesse, avdelingsleiar
+4795155288
rune.nesse@vlfk.no
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg. Lokalsamfunna er ramma for gode kvardagsliv som gjev like mogelegheiter til å delta i verdiskaping i heile Vestland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen.