
Koordinator for velferdsteknologi
Er du teknisk dyktig og ønsker å ha ei nøkkelrolle i arbeidet med velferdsteknologi? Vil du gjere ein forskjell i liva til menneske med helseutfordringar og personar rundt dei? Likar du samarbeid og er du god til å læra opp andre i bruk av teknologi? Då kan du vera den vi søker.
Det er ledig stilling som koordinator for velferdsteknologi i Klepp kommune. Stillinga er knytt til avdeling for Helse og aktivitet og lokalisert på kommunen sitt hjelpemiddellager, der ein har basen saman med to hjelpemiddelteknikarar og ergoterapeut. Det er tett samarbeid med IT-avdelinga og fleire tenester innan Helse og velferd. Stillinga er sjølvstendig, men inngår i fleire team knytt til innføring, etablering og drift av velferdsteknologi.
I avdelinga vår vert du ein del av eit sosialt og inkluderande arbeidsfellesskap. Me jobbar med mange ulik og kjekke arbeidsoppgåver og du vert ein viktig del av vår arbeidskvardag
Søknadsfrist: 14.03.2025
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Stad: Kleppe
Stillingstittel: Koordinator for velferdsteknologi
Stillingar: 1
Heiltid/Deltid: Heiltid
Tilsetjingsform: Fast
Stillingsprosent: 100
Webcruiter-ID: 4929798153
Arbeidsoppgåver
Overordna vil du vera delaktig i tilrettelegging, gjennomføring og evaluering av oppgåver og tiltak knytt til velferdsteknologi.
Desse oppgåvene kan omfatta:
- Opplæring og veiledning av tilsette
- Prosjektleiing for innføring av ny teknologi og gevinstrealisering
- Systemansvar og tilgangskontroll for digitale plattformer
- Oppsett av teknologi og montering av utstyr i tett samarbeid med helsepersonell
- Hovudansvar for å følga opp og kvalitetssikra rutiner i drift
- Samarbeid med leverandørar og ulike tenester i helse og velferd (sjukeheim, heimetenester og tenester i kommunale boligar)
- Bestilling, retur og lageransvar for velferdsteknologi
- Koordinera ressurspersonar ute i dei ulike avdelingar
- Kontakt med leverandørar, delta i utarbeiding av anbud/ avtalar
Kvalifikasjonar
- Relevant fagbrev eller høgare utdanning fortrinnsvis innan IT eller elektrofag
- Kunnskap om helse- og omsorgstenesta
- Erfaring med prosjektleiing
- Erfaring og kunnskap om implementerings prosessar
- God kunnskap i bruk av ulike IKT løysingar.
- Kunnskap om drift av programvarer og plattformar for velferdsteknologi
- Erfaring med service, brukarstøtte og opplæring
- Krav om gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, tilsvarande B2
- Sertifikat klasse B og disponerer eigen bil ved behov
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
- I denne stillinga treng du god kommunikasjonsevne og stor sosial kompetanse
- Gode samarbeidsevner, og du likar å samhandla med andre om oppgåver knytt til teknologi
- Komfortabel med opplæring og veiledning av både ansatte og brukar/pårørande
- Må trivast med utviklings- og forbetringsarbeid
- Er framoverlent, løysningsorientert og trivst med varierte arbeidskvardagar
- Store krav til fleksibilitet mtp å snu seg fort rundt ved tekniske problem og viss systema er nede
- Kan omprioritera oppgåver på kort varsel
- Teknisk og praktisk anlagt
- Er strukturert, kan arbeida sjølvstendig, tek ansvar og viser initiativ
- Det vil bli sterkt vektlagt at du er personleg eigna til stillinga
Vi tilbyr
- Du vert ein del av eit lag innan velferdsteknologi
- Ei nøkkelrolle i innføring, opplæring og drift av velferdsteknologi
- Du får eit engasjert og støttande fagmiljø som er i stor utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lovar, reglar og tariffavtalar
Sirkelen, Olav Hålandveg 8, 4351 Kleppe, Norge
Kontaktinformasjon
Beth S. Holm
Rådgjevar
Telefon:90916812
E-post:[email protected]
Håvard Braut
Avdelingsleiar
Telefon:+47 48866611
E-post:[email protected]
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.