Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning

100% stilling som styrar i Jondal barnehage

 

Ledig fast stilling som styrar i Jondal barnehage – stillingsstorleik 100 %

Stillinga er ledig snarast eller etter avtale.

Vi søkjer styrar som er tydeleg i leiarskapen sin. Du må ha evne til å utvikla verdiane og læringsmiljøet til barnehagen, og til å inspirera og involvera medarbeidarar i arbeidet mot felles mål. Som styrar får du ei engasjert leiargruppe med mykje kompetanse. Leiargruppa i barnehagen består av ein spesialpedagog i 60% stilling som også har 40% støtte/administrasjonsressurs og dei pedagogiske leiarane frå grunnbemanninga. Det er totalt 19 årsverk fordelt på 22 tilsette i barnehagen.

Jondal barnehage er ein 4 avdelings barnehage med 72 barnehageplassar fordelt på 51 barn. I Jondal barnehage skal barna oppleva å bli sett, forstått, respektert og inkludert. Barnehagen arbeider for at alle barn skal oppleva å ha eit godt og trygt barnehagemiljø.

Barnehagen ligg fint til midt i Jondal med skule, bibliotek, kulturskule, symje- og fleirbrukshall, eldresenter og sentrum med butikkar og ferjekai. Naturen er nær oss med elv, sjø og fjell rundt som gir oss mange fine turopplevingar.

Arbeidsoppgåver

  • Leia og vidareutvikla barnehagen som ein pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med barnehageloven, rammeplan og andre overordna vedtak
  • Skapa eit godt leike- og læringsmiljø for barna
  • Bidra til kompetanseutvikling i eigen barnehage
  • Strategisk leiing og planlegging
  • Tverrfagleg samarbeid om barns oppvekst og utvikling
  • Førebyggande arbeid og tidleg innsats
  • Administrativt-, økonomisk- og fagleg ansvar, personalansvar og forvaltningsansvar
  • Dagleg drift av barnehagen

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Godkjent barnehagelærar eller annan relevant kompetanse
  • Styrarutdanning eller vidareutdanning i leiing er ynskjeleg, men kan takast i etterkant
  • Leiarerfaring blir vektlagt

Personlege eigenskapar:

  • Fagleg sterk og har evne til nytenking
  • Løysingsfokusert og raus
  • Kan visa til resultat frå utvikling og endringsarbeid
  • Gir og tek i mot tilbakemeldingar, ser verdien av at vi er betre saman enn kvar for oss
  • God evne til å inspirera, involvera og motivera medarbeidarane dine, samtidig som du stiller krav
  • Du må vera sjølvstendig og ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner
  • Står trygt også i utfordrande situasjonar
  • Strukturert arbeidsform, kan handtera fleire og samansette arbeidsoppgåver
  • Ryddigheit og innsikt i økonomistyring

Det vil bli vektlagt om søkar er personleg egna for stillinga.

Vi tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Spennande arbeid
  • Løn: lokal avlønningsmodell for leiarar
  • 10 fridagar som kompensasjon for meirarbeid utover ordinær arbeidstid
  • 24/7 mobil
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

Krav:

  • Politiattest

 

Søk på stillingen her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

 

Søknadsfrist: 10.12.2023

 

Arbeidsstad: Jondal

 

Kontaktpersonar:

Wenche Jordal

tlf: +47 469 01 209

Heimeside:
www.ullensvang.kommune.no
Adresse: Opheimsgata 31 5750 Odda

Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning
– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

 

Lenkjetekst

Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

 

Lenkje

https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Wenche Jordal
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: tlf: +47 469 01 209

Lokasjon

  • Jondal

Søknadsfrist

Desember 10, 2023