Ullensvang kommune Opedal skule

Ullensvang kommune Kinsarvik skule

4 stillingar à 100% som lærar ved Kinsarvik skule

 

Ledige lærarstillingar ved Kinsarvik skule

Som lærar hos oss får du arbeide i eit miljø med kjekke kollegaer, høg kompetanse og moglegheit til å delta i vidareutvikling av skulekvardagen til 169 flotte elevar!

Ledige lærarstillingar ved Kinsarvik skule, skuleåret 2024-25

Det blir inntil 400 % faste stillingar ledig ved Kinsarvik skule frå 01.08.2024.

Me treng lærar på ungdomstrinnet i basisfaga norsk, engelsk og matematikk, i tillegg til spesialpedagogikk, naturfag, musikk, arbeidslivsfag og kroppsøving med fleire. Kan og bli tildelt funksjonen som kontaktlærar.

Om skulen

Kinsarvik skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen har 169 elevar, og 40 tilsette. Me ligg fint til i sentrum av bygda Kinsarvik med gode uteområde rundt skulen. Utviklingsområdet vårt er motivasjon og meistring for alle. I tillegg arbeider skulen for at alle elevane skal ha eit godt læringsmiljø.

Skuleleiinga består av rektor og to avdelingsleiarar.

Skulen har 60 % merkantil ressurs.

Ynskte kvalifikasjonar:

Godkjent undervisningskompetanse

Personlege eigenskapar:

Me ser etter deg som :

  • trivst i lag med ungdomar
  • er ein god klasseleiar
  • er sjølvstendig
  • har gode samarbeidsevner og god relasjonskompetanse

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn etter hovudtariffavtalen
  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og
  • pensjonsvilkår

Søk på stillingane her.

Fylke: Vestland

Jobbtype: Fast

Heiltid/Deltid: Heiltid

Arbeidstid: Dag

Søknadsfrist: 21.05.2024

Arbeidsstad: Kinsarvik

 

Kontaktpersonar:

Therese Opheim

mob: +47 95758480

 

Heimeside:

ullensvang.kommune.no

Ullensvang kommune 

– ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder.

Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa ?

Lenkjetekst
Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa

Lenkje
https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49 

Del stillingen

Selskap

Ullensvang kommune

Kontaktinfo

  • Therese Opheim
  • Tittel:
  • E-Post:
  • Mobil/Tlf: mob: +47 957 58 480

Lokasjon

  • Kinsarvik

Søknadsfrist

Mai 21, 2024